Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Indian summer – attpåsommar

Spørsmål

Kvifor kallar ein det indian summer når det kjem ein varm periode etter at sommaren eigentleg er over?


Svar

Dette skal visst ha å gjera med vêrlaget i område der nordamerikanske urfolk har halde til eller gått på jakt. Det er nok ikkje mogleg å koma til botnars i ordhistoria, men du kan gjerne lesa i Online Etymology Dictionary og Wikipedia sjølv og vurdera teoriane.

Ifølgje Den Danske Ordbok, som nemner ein diskutabel etymologi, har ordet vore kjent i dansk sidan 1963, men både Ordbog over det danske Sprog og søk på nb.no vitnar om at ordet har vore kjent mykje lenger i Noreg og Danmark, særleg brukt om amerikanske tilhøve. Vi finn til og med indiansk sommer allereie hjå Jonas Lie (1887). På norsk skal indian summer skrivast med liten i.

I Stavanger Aftenblad 5.10.1916 står det eit forvitneleg innlegg om ein norsk ekvivalent til indian summer:

I tillegg til husmannssommar har attpåsommar og helgemessesommar vore nytta.

I overført tyding blir indian summer brukt om ny oppblussande livskraft hjå eldre folk. Slike somrar er ikkje årvisse.

Fant du det du lette etter?