Hopp til hovedinnhold

I mente

Spørsmål

Korleis kan eg forklare uttrykket å ha noko i mente? Og kva er den rette skrivemåten? Eg meiner å hugse at vi lærte in mente då eg gjekk på skulen.


Svar

Svaret finn du i ordboksartikkelen mente.

Latin mens, som tyder ‘sinn, hug’, heiter i kasusen ablativ mente, som i uttrykket in mente. Å ha noko in mente er i praksis det same som å ha det i minnet (eller i bakhovudet, som vi gjerne seier).

På latin er det einaste rette in mente med n i preposisjonen. I norsk rettskriving er det valfritt. Denne valfridommen er gammal i både dansk og norsk. Allereie Ludvig Holberg skriv både in mente og udi mente.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.