Svar
Jau, etter Nynorskordboka kan gild mellom anna tyde ‘gjeldande, gyldig’ (som i allgild, rettsgild, ugild og gild mynt, vekt). Dette omfattar også tydinga ‘habil’ i juridisk meining. Om lag den same terminologiske tradisjonen finst òg i bokmål og i dansk.
Gild og ugild er eldre i norsk juss enn dei latinske habil og inhabil, som kanskje ikkje etablerte seg før på 1700- og 1800-talet. I dag har dei latinske orda fått overtaket.
Ugild i juridisk tyding blir nok betre forstått enn nytte motstykket gild.
Kvifor står ugild sterkare enn gild?
Gild og habil kolliderer med andre tydingar av orda (høvesvis ‘kjekk; flott’ og ‘dugande’), medan ugild og inhabil ikkje gjer det. Ein gild og habil pianist har ingen rettsleg klang, medan ein ugild og inhabil pianist kling meir juridisk enn personleg og musikalsk. Fleirtydigheita undergrev likevel gild meir enn habil, sidan gild er mindre brukt idag.
Både gild og ugild er under press, men det er den negative polen i paret som oftast blir sett på spissen og omtalt (det å vere ugild/inhabil). Det er kanskje grunnen til at ugild gjer det betre enn gild.
I lovene
Enno lever ugild i beste velgåande i fleire lover, til dømes i straffeprosesslova:
§ 60. En tjenestemann som hører til påtalemyndigheten eller handler på vegne av denne, er ugild når han står i et forhold til saken som nevnt i domstolsloven § 106 nr. 1-5. Han er også ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet. Særlig gjelder dette når ugildhetsinnsigelse er reist av en part.
Er en tjenestemann ugild, anses også hans underordnede ved samme embete ugilde, når ikke hans nærmeste overordnede bestemmer noe annet.