Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Forbokstav i totalforsvaret og liknande ord

Spørsmål

Bør ein bruke stor eller liten forbokstav i slike nemningar:

  • totalforsvaret eller Totalforsvaret
  • det militære forsvaret eller Det militære forsvaret
  • den sivile beredskap eller Den sivile beredskap

Svar

Ein bør bruke liten forbokstav i totalforsvaret, det militære forsvaret og den sivile beredskapen (som bør ha bestemt form på nynorsk).

Dette er er ikkje særnamn (eigennamn), i motsetnad til for eksempel Forsvaret, Hæren, Marinen og Luftforsvaret, som har fått særnamnsstatus.

Fant du det du lette etter?