Svar
Stor norsk ordbok (Kunnskapsforlaget) definerer fatigue som ‘kronisk tretthet’, medan Medisinsk ordbok (Kunnskapsforlaget) har definisjonen ‘utmattelse’.
På nynorsk blir det kronisk trøyttleik eller utmatting.
Det er fagmiljøet som må avgjere hva det skal heite på norsk. I det medisinske fagmiljøet har både kronisk trøyttleikssyndrom og kronisk utmattingssyndrom vore i bruk. Medisinsk ordbok frå Samlaget har kronisk trøyttleikssyndrom.
Tidsskrift for Den norske legeforening har valt utmattelse/utmatting. Sjå òg denne lista under Termportalen.
Til slutt nokre ord om møde, som du har funne i ordboka. Det er eit gammalt ord for slit, strev og umak. Uttalen har dei fleste stader vore /møe/. Ordet har same rot som bokmål møye. Adjektivet mødd tyder utmatta. Men begge orda lite brukte i sakprosa i dag, og det er ikkje tilrådeleg å bruka dei om fatigue. Det hjelper ikkje at det finst ein sauesjukdom som kallast mædi, av ordet for møde på islandsk (mæði).
Sist oppdatert: 6. november 2026