Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Ein forelder?

Spørsmål

Kan ein seie ein forelder, eller er dette berre eit fleirtalsord?


Svar

Du kan seie og skrive ein forelder dersom til dømes «ein av foreldra» eller «ei mor eller ein far» fell tungt.

Forma forelder er nokså ny. Språkrådet vedtok henne i 1974, noko inspirert av at svenskane hadde teke i bruk en förälder. Det tok tid før denne eintalsforma vart innarbeidd i norsk.

Fant du det du lette etter?