Hopp til hovedinnhold

Ein eidar / en eider

Spørsmål

I ei nettavis las eg om «eidaren Azar Karadas», ein kjend fotballspelar. Kva er ein eidar?


Svar

Ein eidar (bokmål: eider) er ein person frå (tidlegare) Eid kommune i Sogn og Fjordane.

(Ein som bur i bygda Eide i Møre og Romsdal, heiter derimot eidsar (bokmål eidser), lokalt tradisjonelt uttalt med stum d.)

Sjå elles lista «Innbyggjarnamn» på nettsidene våre. Opplysningane her er henta både frå språkbrukarar på staden, særleg dei med best kjennskap til den lokale munnlege tradisjonen, og frå skriftlege kjelder, mellom anna Norsk stadnamnleksikon, utgitt på Samlaget.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.