Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Draumedag! Om draume- og drøyme- i samansetjingar

Spørsmål

Heiter det draumedag eller drøymedag om ein fantastisk dag? Og kva med draumestaden/drøymestaden om ein ideell stad?


Svar

Vi tilrår draume- i samansetjingar som viser til noko ideelt eller fantastisk. Begge variantar er moglege, for ein kan tenkja seg to utgangspunkt:

1) substantiv: (like bra) som i draume / i ein draum / i draumane
2) verb: som ein drøymer om

Men 1 er mest nærliggjande i dei fleste tilfelle.

Vi vil difor tilrå

draumebil, draumedag, draumedame, draumeforhold, draumejobb, draumeland, draumeliv, draumeløysing, draumemann, draumemil, draumepasning, draumeplass, draumeprins, draumepåske, draumeslott, draumestad, draumetilvære, draumetur og så bortetter

Dei understreka orda står òg i Nynorskordboka. Dei kan dessutan skrivast utan -e-: draumdag osb., men den varianten høver nok best der det faktisk handlar om draumar (sjå nedanfor) og dessutan i adjektivet draum(e)fager.

Røynlege draumar og drøyming

Når det ikkje handlar om noko fantastisk, men om røynlege draumar, er saka oftast grei. Døme: draumelaus ‘utan draumar’, draumesyn ‘visjon’ draumetyding, draumesvevn/draumesøvn og draumeverd. Draumeliv i tydinga ‘det livet draumane utgjer; livet i draumar’ høyrer òg til her. Desse orda kan òg skrivast utan -e-: draumsyn osb.

Drøymeland med -øy- viser helst til den tilstanden ein er i når ein drøymer (jf. «å vera i drøymeland/draumeland»). Både drøymeslott og draumeslott kan visa til anten eit flott hus eller til ein fantasikonstruksjon. I alle tilfelle er draumeland og draumeslott dei vanlegaste variantane.

Om ein skulle hatt eit ord for ‘dag då ein drøymer’, ville drøymedag vore nærliggjande, òg litt fordi draumedag er oppteke i den andre tydinga. Likeins ville drøymeplass høvt godt om ‘stad der ein drøymer (seg bort)’. Eit eksisterande ord av dette slaget er drøymehug ‘hug til å drøyme’.

Fant du det du lette etter?