Svar
Det tradisjonelle rådet er å bruke da på same måte i historisk presens som i preteritum: om éi hending eller ein samanhengande tidbolk («den gongen da»). Elles er det når som gjeld.
Etter det tradisjonelle systemet bør ein altså skrive slik:
- Da Napoleon kjem attende til Paris i 1799, gjer han statskupp.
- Det norske laget får nytt mot da Carew scorar.
Hovudregelen «den gongen da, kvar gong når» kan følgjast i historisk presens òg. Sjå på desse setningane:
- Da Mari kjem heim frå jobben (denne måndagen), har Per laga mat.
- Når Mari kjem heim frå jobben (denne hausten), har Per laga mat.
I tråd med dette skriv Finn-Erik Vinje i Moderne norsk (4. utg. 1987, s. 103):
Likevel er det mange som bryt denne regelen, og det kan vanskeleg kallast feil.
Anna
Om ein held seg til systemet, kan ein godt bruke da i handlingsreferat:
- Du kan her lese om korleis det går da Peer møter bøygen.
I scenetilvisingar høver det likevel betre med når, sidan eit stykke skal spelast mange gonger.
Somme tider er tidsforholdet heilt ubestemmeleg:
- Når Peer møter bøygen, bryt Ibsen alle krav til realisme.
Her høver det best med når endå møtet kan sjåast som eit eingongstilfelle.