Er det rett med enda/endå eller enno framfor ord i komparativ?
Språkrådet tilrår enda/endå, ikkje enno, framfor ord i komparativ (som sintare og meir nedanfor):
Han blei enda/endå sintare.
Ho ville drikke enda/endå meir.
Dette handlar om gradar. Ein kan difor laga seg ein hugseregel med grad + enda/endå, til dømes med å framheva d-en:
enDa/enDå + graD
Det heiter òg enda/endå i samband som
enda/endå ein gong (= ein gong til)
Vi brukar dessutan enda/endå for sjølv om:
Enda/endå ho var sjuk, stod ho opp
Opphavet til endå er fyrst og fremst gammalnorsk enn + þá ‘då’, men i tydinga rett ovanfor er opphavet enn + þó ‘likevel’.
Før i tida nøgde ein forresten seg ofte med enn i fleire tydingar av desse orda.
Skrivemåten enno reserverer vi for tidsadverbet. Opphavet er gammalnorsk enn + nú ‘framleis no’. Tenk på enno som ‘framleis’, anten det gjeld før (strengt teke då), no eller i framtida, slik:
Dei levde enno for tre år sidan.
Fiskebilen er enno ikke komen.
Om to veker er det enno ikkje for seint.
Det er mange som likevel brukar endå/enda her, særleg om fortid, og dette har vore formelt godteke sidan 1991. Det er lenge sidan enno og endå som tidsadverb vart rota saman i talemålet til folk flest, om det nokon gong har funnest eit allmenngyldig skilje.
Ikkje alle likar at begge delar er tillate. Men sett med tradisjonstru augo må både enno og enda/endå i tidstyding vera betre enn fortsatt, som er i ferd med å ta heilt over for begge delar. (Denne utviklinga kan ein studera nærmare med å jamføra bibelomsetjingane på www.bibelen.no.)
Bør ein bruke da eller når i historisk og dramatisk presens?
Det tradisjonelle rådet er å bruke da på same måte i historisk presens som i preteritum: om éi hending eller ein samanhengande tidbolk («den gongen da»). Elles er det når som gjeld.
Etter det tradisjonelle systemet bør ein altså skrive slik:
Hovudregelen «den gongen da, kvar gong når» kan følgjast i historisk presens òg. Sjå på desse setningane:
I tråd med dette skriv Finn-Erik Vinje i Moderne norsk (4. utg. 1987, s. 103):
Likevel er det mange som bryt denne regelen, og det kan vanskeleg kallast feil.
Om ein held seg til systemet, kan ein godt bruke da i handlingsreferat:
I scenetilvisingar høver det likevel betre med når, sidan eit stykke skal spelast mange gonger.
Somme tider er tidsforholdet heilt ubestemmeleg:
Her høver det best med når endå møtet kan sjåast som eit eingongstilfelle.
Skal det heita «Materialane fortel når huset vart bygt», eller bør ein skriva «Materialane fortel då huset vart bygt»? Eg får ikkje heilt til å nytta regelen om «den gong då, kvar gong når» her.
Det kan berre heita «Materialane fortel når huset vart bygt».
Dette har ikkje noko å gjera med regelen om «den gong då, kvar gong når». Grunnen er at «når» i dette tilfellet har ein heilt annan funksjon enn å seia at noko vart teke opp att. «Når» innleier her ei indirekte spørjesetning, dvs. ei spørjesetning som er ledd i ei overordna setning.
Det direkte spørsmålet var: «Når vart huset bygt?» Det er så gjort til direkte objekt i heilsetninga «Materialane fortel når huset vart bygt».
Då kan for sin del ikkje nyttast til å innleia ei spørjesetning. Derimot kan det brukast i andre konstruksjonar, som i «Arkitekten fortel om (den gongen) då huset vart bygt».
Då kan òg koma inn i biletet slik: «Slike materialar vart brukte (den gongen) då huset vart bygt» eller «Materialane stammar frå (den gongen) då huset vart bygt» eller «då husa vart bygde». Det kan stå i kontrast til når: «Slike materialar vart (alltid) brukte når ein bygde slike hus» (= 'kvar gong', 'dei gongene då'). Ein kan òg nytta «då» i det siste dømet, men då underforstår ein at det gjeld repetisjon innanfor éín samanhengande periode, altså eitt «då». Men dette er altså heilt andre konstruksjonar enn dømet ditt.