Svar
Det kan berre heita «Materialane fortel når huset vart bygt».
Dette har ikkje noko å gjera med regelen om «den gong då, kvar gong når». Grunnen er at «når» i dette tilfellet har ein heilt annan funksjon enn å seia at noko vart teke opp att. «Når» innleier her ei indirekte spørjesetning, dvs. ei spørjesetning som er ledd i ei overordna setning.
Det direkte spørsmålet var: «Når vart huset bygt?» Det er så gjort til direkte objekt i heilsetninga «Materialane fortel når huset vart bygt».
Då kan for sin del ikkje nyttast til å innleia ei spørjesetning. Derimot kan det brukast i andre konstruksjonar, som i «Arkitekten fortel om (den gongen) då huset vart bygt».
Då kan òg koma inn i biletet slik: «Slike materialar vart brukte (den gongen) då huset vart bygt» eller «Materialane stammar frå (den gongen) då huset vart bygt» eller «då husa vart bygde». Det kan stå i kontrast til når: «Slike materialar vart (alltid) brukte når ein bygde slike hus» (= 'kvar gong', 'dei gongene då'). Ein kan òg nytta «då» i det siste dømet, men då underforstår ein at det gjeld repetisjon innanfor éín samanhengande periode, altså eitt «då». Men dette er altså heilt andre konstruksjonar enn dømet ditt.