Hopp til hovedinnhold

Case sensitive

Spørsmål

Kva heiter case sensitive på norsk?


Svar

I Norsk dataordbok står versalsensitiv. Versalar tyder ‘store bokstavar’, så ein kan saktens diskutera om det er heilt dekkjande, men det spelar ikkje så stor rolle dersom ordet kjem i bruk.

Et kortare framlegg er versal-var (var i tydinga ‘følsam’) men det ordet er nok paradoksalt nok for slåande til å slå gjennom.

I Teknisk engelsk-norsk ordbok står skiftsensitiv, jamfør at skift er det vanlege på norsk for shift på engelsk. Skiftskiljande (bokmål skiftskillende) ville kanskje vore best. I dataprogramsamanheng heiter det jo gjerne at datafeltet skil mellom store og små bokstavar.

Den svenske datatermgruppa tilrår skiftlägeskänslig og nemner at versalkänslig òg er brukt. I dansk har vi sett at versalfølsom er i bruk.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.