Svar
Ja, langt på veg stemmer dette med tradisjonen. Unntaket er visse slags store bygningar, helst i samansetningar. Nynorskordboka seier dette om bygg og bygning:
bygg
1 bygning o l som er under arbeid el. som (nyleg) er ferdigbygd. Døme: bustadbygg / nybygg / råbygg / arbeide på eit bygg
2 større bygning. Døme: industribygg / lagerbygg
3 byggjetiltakbygning
1 (større) hus. Døme: fabrikkbygning / hovudbbygning / offentleg bygning / bygningane på garden var i god stand
2 *bygnad (1)
Bygg kan altså ifølgje ordboka brukast både om ein bygning som er under bygging, og om ein større bygning som er ferdigbygd. Det er særleg i samansetningar det blir nytta i den siste tydinga: nybygg, tilbygg, forretningsbygg, industribygg, Postgiro-bygget.
Det er rett at eit vanleg hus eller ein liten bygning som er teken i bruk (og ikkje lenger er nybygg), helst ikkje heiter bygg.
Det kan vera greitt å halda seg til dette skiljet. Fagspråklege oppslagsverk som Arkitekturleksikon (Abstrakt forlag) og Byggteknisk fagleksikon (Universitetsforlaget) gjer det.
Men merk at bygning sjeldan er feil. Mange samansetningar på -bygg (som lagerbygg) er nyare særnorsk utvikling – praktisk, men ikkje obligatorisk.
Nedanfor er ein artikkel om det same frå boka Råd om språk (Språkrådet, 1981):