Hopp til hovedinnhold

Bort i staur og vegger

Spørsmål

Eg seier av og til at noko er bort i staur og vegger, men eg tykkjer uttrykket er bort i hampen rart. Kva kjem det av? Er det snakk om ein stad ein gjorde frå seg i retteleg gamle dagar?


Svar

Det er nok berre ei samanslåing av to faste uttrykk: bort i veggene (som er svært utbreitt) og bort i stauren (som opphavleg er meir trøndersk).

Den fyrste som kombinerer staur og vegger i litteraturen, er kanskje Leif Halse, i 1927.

Vi kan sjå litt nærare på ordet staur og på bruken av vegg i liknande uttrykk.

Staur

Ein staur er fyrst og fremst ‘ein grann påle el stokk som er tilkvesst i eine enden slik at han kan setjast i jorda og nyttast som kornstaur el[ler] som stø i hes el gjerde’ (Norsk Ordbok). Ordet har vore sentralt i arbeidslivet. Staur kan forresten òg vise til mindre dugande og omgjengelege (manns)personar. Det er eit av dei mest produktive orda til å laga personnemningar av, særleg i Trøndelag (latstaur, kranglestaur osb.). Det er òg grunnlag for forsterkande ord som staurande (t.d. staurande galen).

Uttrykket «bort i stauren» (staur'n) er fyrst notert frå Grong, i 1885. Fleire trønderske forfattarar, mellom andre Olav Duun, har brukt det.

Vegger

Ivar Aasen nemner alt i Ordbog over det norske Folkesprog (1850) ordlaga «D'æ reint burti Veggjenne»det er altfor galt; det gaaer over alle Grændser’ og «snakke burt i Veggjenne» ‘tale ufornuftigt, snakke hen i Taaget’. Veggene i grannelanda har òg vore vitne til mykje tull, jf. dei danske ordlaga «snakke op ad stolper og ned ad vægge» (før òg «snakke op ad væggene» o.l.) og det svenske «uppåt väggarna»‘tullete’. Dette er altså gammalt i heile Norden, men preposisjonsbruken i norsk skil seg ut.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.