Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Blanding av eller blanding mellom?

Spørsmål

Heiter det blanding av A og B eller blanding mellom A og B?


Svar

Det heiter stort sett blanding av A og B på både nynorsk og bokmål.

Blanding mellom har blitt brukt litt i tydinga krysning mellom (dvs. resultatet av kryssing, altså paring av ulike slag), men vi kan sjå bort frå denne varianten.

Fant du det du lette etter?