Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Bankerott?

Spørsmål

Eg vrir hjernen for å skjøna kva ordet bankerott kjem av. Bank er vel bank, men det er vel ikkje ein roten bank det er tale om? Det engelske bankrupt får meg til å tenkja på korrupt. Er det ein samanheng?


Svar

Bankerott (‘ruinert, konkurs’) har opphav i italiensk banco rotto. Opphavleg var banco ein benk som vart brukt til vekselbord; dette vart seinare til vårt bank.

Rett nok kan det vera rotenskap i banken, men det har ikkje noko med rotto å gjera. Rotto er perfektum partisipp av verbet rompere, som mellom anna tyder ‘bryta sund’, altså øydeleggja. Banco rotto tyder eigenleg ‘sundslått benk’. Etter den vanlegaste teorien kjem uttrykket av at pengevekslarane kunne få benkene sine sundslegne dersom dei sveik nokon eller ikkje greidde skyldnadene sine.

Rompere liknar mykje på å korrumpere, som er eit lån frå latin corrumpere. Adjektivet korrupt kjem av latin corruptus, som er perfektum partisipp av det same verbet. Det tilsvarande italienske ordet er corrotto. Så du hadde rett i at det er ein samanheng.

Grunnen til at vi brukar eit italiensk ord for dette, er at dei var tidleg ute med avansert pengestell i Italia, ikkje minst i Lombardia. I norske ordbøker står substantiva lombard ‘handpant’, lombardbank, lombardlån, lombardrente og dessutan verbet å lombardera ‘ta opp lån mot handfast pant’.

Rotto kjem altså frå italiensk, men banco kjem opphavleg frå det germanske målet langobardisk. Lombardia var tidlegare Langobardia.

Fant du det du lette etter?