Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Akvitania, Aquitania eller Aquitaine?

Spørsmål

Eg lurer på kva som er rett skrivemåte for namnet på eit historisk område i Frankrike: Heiter det Akvitania, Aquitania eller Aquitaine på norsk? Området femnde ein gong heile Sørvest-Frankrike, og det fell ikkje heilt saman med den franske regionen som i dag heiter Aquitaine.


Svar

Skriv gjerne Akvitania.

Ein finn ikkje noko slikt historisk landskapsnamn på alfabetisk plass på nettsidene våre.

Men under E står det historiske dronningnamnet «Eleonore av Akvitania», så du kan trygt skrive Akvitania.

Fant du det du lette etter?