Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Aksent i ord som «idé»?

Spørsmål

Korleis er reglane for å bruke akutt aksent i bøygde former av ord som idé og trasé?


Svar

Det er valfritt med akutt aksent i ord som endar på trykksterk e. Det gjeld alle bøyingsformer. Ein kan altså skrive idé eller ide, idéen eller ideen osv.

Ein utbreidd skikk er å ha aksent berre i ubunden form eintal (medrekna samansetningar) og sløyfe aksenten i alle bøygde former, altså slik:

  • idé – ideen – idear – ideane (nynorsk)
  • idé – ideen – ideer – ideene (bokmål)
  • trasé – traseen – trasear – traseane (nynorsk)
  • trasé – traseen – traseer – traseene (bokmål)

+ idégrunnlag, traséval/trasévalg osb.

Det er ingen dårleg idé å følgje denne regelen, for utan aksent kan orda òg ha andre tydingar, til dømes ide ‘straumkvervel’ (uttalt /ie/) og trase ‘fille’. Samtidig er aksenten uturvande i fleirtal (trasear kan jo ikkje forvekslast med trasar).

Fleire døme på ord det er verdt å skilja mellom: alle/allé, arme/armé, entre/entré, karre/karré, supe/supé og samansetjingar med muse-/musé-. Det er sjeldan nokon verkeleg forvekslingsfare, men det er lettast å lesa tekstar der ein straks ser kva slags ord ein har føre seg. Til slutt: Om du gløymer ein f i buffé, kan det bli pussig lesnad dersom du òg sløyfar aksenten.

Du kan lese meir om aksentbruk på nettsidene til Språkrådet.

Fant du det du lette etter?