Svar
Som du kanskje veit, tyder ad undas ‘til bølgjene’ på latin. Unda = bølgje. Varianten til dundas kan byggja på ei mistyding eller omtolking, men kan likevel ikkje kallast direkte feil.
Uttrykket til dundas er snart hundre år gammalt i skriftmålet. Utbreidde, gamle variantar av slike ekspressive uttrykk kan ikkje godt stemplast som direkte galne dersom dei fungerer på sine eigne vilkår. Dei bør iallfall godtakast der dei høyrer mest heime: i talemålet og uformell tekst.
Ein vaken korrekturlesar som kjem over til dundas i ein tekst, bør likevel spørja om skribenten har valt det med vilje. Han eller ho bør i alle fall reagera dersom det står ad dundas, for det er mindre sannsynleg at ad dundas er ein medviten vri på det korrekte ad undas.
Elles er til dunders eit sjølvstendig gamalt uttrykk. Her er til heilt rett. Dunders kan ha tilknyting til dunderen i tydinga ‘fanden’. (Hjå Amalie Skram finn du både «te donders» og «ka donderen?».)