Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Å lesse – leste?

Spørsmål

Er dette ein feil i Nynorskordboka? Heiter ikkje å lesse i fortid lesste – har lesst?


Svar

Nei, på nynorsk heiter å lesse i fortid leste – har lest. Slik konsonantforenkling (-sst > -st) er hovudregelen i norsk rettskriving.

På bokmål heiter det likevel lesste – har lesst. Grunnen er at leste – har lest på bokmål er noko anna, nemleg fortid av å lese. Desse formene er opptekne.

På nynorsk heiter å lese i fortid las – har lese. På nynorsk er leste – lest altså ikkje opptekne som fortidsformer av å lese. Det vil seie at lesse kan bøyast regelrett med konsonantforenkling i fortid: leste – lest. Det kan sjå litt forvirrande ut dersom ein er mest van med å lese bokmål.

I nynorsk heiter det altså

å lesse – lesser – leste – har lest

på line med

å kysse – kysser – kyste – har kyst

å misse – misser – miste – har mist

Unnataka frå forenklingsregelen

Unnataka frå konsonantforenkling føre -t har vi berre der formene elles ville kunne bli forveksla med former av andre verb i den same målforma:

å søkje – søkjer – søkte – har søkt
å søkkje – søkkjer – søkkte – har søkkt

å kvese – kveser – kveste – har kvest
å kvesse – kvesser – kvesste – har kvesst

å slepe – sleper – slepte – har slept
å sleppe – slepper – sleppte – har sleppt

Ein gong i tida vart verba kvese og slepe skrivne kvæse (preteritum kvæste) og slæpe (slæpte). Då kunne kvesse og sleppe skrivast med regelrett forenkling i fortid, slik: kveste og slepte. Såleis er det verbet sleppe vi ser der Olav H. Hauge skriv «So slepte draumen meg».

Fant du det du lette etter?