Hopp til hovedinnhold

Å kompromisse

Spørsmål

Er det tillate å skrive å kompromisse i staden for å inngå kompromiss?


Svar

Ja, det står i mange ordbøker og har vore brukt i over hundre år i norsk, dansk og svensk.

Ordlagingsmønsteret (verb av substantiv) er kjent: å intervjue av eit intervju, å kollapse av ein kollaps, å filme av ein film, å bile av ein bil osb.

På den andre sida har verbet berre vore i vanleg bruk i nokre få tiår. Mange tykkjer det kling rart, og langt frå alle uttrykk med substantivet kompromiss kan skiftast mekanisk ut med verbet.

Av og til kan ein forresten godt bruka tradisjonelle alternativ som gje (litt) etter, slå av (på krava) og møtast på halvvegen, jf. dette søket i norske aviskjelder som syner relativ oppgang og nedgang i synonymbruken:

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.