Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

10 000 eller 10000

Spørsmål

Kan ein skriva 10000, eller må det vera 10 000 med mellomrom? Er det ulike reglar for tekst og formlar?


Svar

Det normale er 10 000, anten det er i løpande tekst eller i matematiske oppstillingar.

Det finst eitt unntak, og det er i visse rekneark og liknande der maskina ikkje kan rekna rett dersom talet står med mellomrom.

Ved firesifra tal er det valfritt med mellomrom: 1000 eller 1 000.

Merk: Ikkje bruk punktum.

Tips: Bruk det som på menyen heiter «hardt mellomrom», så dett ikkje nullane åleine ned på neste line.

Fant du det du lette etter?