Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Norsk språknemnd – møte

Årsmøte og andre møte i nemnda


På denne lista står datoane for årsmøta i Norsk språknemnd og andre plenumsmøte i nemnda. Faste postar på årsmøta var årsmelding, rekneskap og val av medlemmer til arbeidsutvalet. For somme av møta ligg det føre opplysningar om andre emne som var oppe, og kvar møtet var. Kjelde: årsmeldingane til Norsk språknemnd. I fleire tilfelle er foredrag på årsmøtet prenta i årsmeldinga.

04.04.1952Konstituerande møte på Universitetsbiblioteket i Oslo.
06.–07.06.1952Emne: spørsmålet om parallellutgåver av lærebøker med moderate og radikale former.
20.–21.03.1953Emne: læreboknormalen.
28.–29.08.1953Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
27.–28.08.1954Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
14.–15.11.1955Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
16.–17.11.1956Årsmøte. Emne: læreboknormalen.
15.11.1957Årsmøte. Emne: mønsterordbøker eller -ordlister for begge mål; terminologi i lærebøker.
26.09.1958Årsmøte. Emne: reglar for normering av litterære tekster i lesebøker og songbøker.
01.–02.12.1958Omframmøte. Emne: revisjonen av framlegget til retningslinjer for språkleg normering av litterære tekster i lesebøker og songbøker og revisjonen av «Framlegg til læreboknormal 1957».
25.–26.09.1959Årsmøte. Foredrag om prinsipielle synspunkt på ordtilfang og ordval i undervisning og orientering om arbeidet med geografiske namn.
14.–15.10.1960Årsmøte i Lektorenes hus, Oslo. Emne: Engelsk-amerikansk påverknad på norsk; skrivemåten av geografiske namn.
27.01.1961Årsmøte i Lektorenes hus, Oslo. Emne: interne saker.
02.–03.1962Årsmøte. Emne: Foredrag om Norsk språknemnd i ti år; skrivemåten av historiske namn i lærebøker.
11.02.1963Årsmøte. Foredrag om røynsler etter fire års norskopplæring med ny læreboknormal.
27.01.1964Årsmøte. Foredrag av statsråd Helge Sivertsen med orientering om den nye komiteen som skal vurdere heile språksituasjonen.
08.02.1965Årsmøte, Oslo. Emne: anglisismar i sals- og reklamespråk.
21.–22.02.1966Årsmøte. Emne: registrering og databehandling av norsk ordtilfang.
08.09.1966Omframt nemndmøte. Emne: «Innstilling om språksaken» frå Vogtkomiteen.
23.01.1967Årsmøte, Oslo. Emne: dansk språkreinsing etter 1750; «Går det tilbake med ungdommens evne til å bruke sitt morsmål?».
29.01.1968Årsmøte, Oslo. Emne: normering av litterære tekster i lesebøker for ungdomsskulen.
27.01.1969Årsmøte, Oslo. Emne: tendensar i moderne avisspråk.
26.01.1970Årsmøte, Oslo. Emne: terminologiarbeid.
01.–02.02.1971Årsmøte, Gol. Attersyn og framsyn på fleire arbeidsfelt.
31.01.1972Årsmøte, Skinnsentret, Oslo. Medlemmene i Norsk språkråd var inviterte til møtet.

Fant du det du lette etter?