Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Mandat for fagråda


1 Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning

Formålet til fagrådet er å hjelpe Språkrådet i arbeidet med å fremje terminologiarbeid og styrkje norsk som eit fullverdig bruksspråk på alle områda i samfunnet, særleg innanfor høgre utdanning og forsking, i arbeids- og næringslivet, i kulturlivet, i mediesektoren og i språkteknologiske løysingar.

Fagrådet er eit rådgjevande organ som skal bidra med innspel, råd og innsikt slik at Språkrådet skal kunne

  • setje dagsorden i strategisk viktige språkpolitiske spørsmål
  • ha autoritet i språkpolitiske spørsmål på alle samfunnsområde
  • vere eit tydeleg ekspertorgan

Fagrådet skal gje innspel, råd og innsikt på desse områda

  • oppfølging av språklova
  • arbeidet med å fremje norsk framfor engelsk på felta fagrådet representerer
  • arbeidet med terminologi og fagspråk på ulike samfunnsområde
  • kunnskap i samfunnet om språkleg mangfald og språka som er omfatta av språklova
  • arbeidet med å fremje norsk i språkteknologiske løysingar
  • arbeidet for å styrkje norsk språk i kultursektoren og mediesektoren, særleg i tilbodet til barn og unge

Dette inneber særleg at fagrådet skal gje råd til Språkrådet om følgande:

  • arbeidet med styrking av norsk som bruksspråk i alle delar av universitets- og høgskulesektoren
  • arbeidet for at norsk terminologi og fagspråk skal bli ivaretatt og vidareutvikla på ein systematisk måte i universitets- og høgskolesektoren, i offentleg sektor og i arbeids- og næringslivet
  • arbeidet for at dei språkpolitiske måla skal bli ivaretatt i sektorpolitikken i kultur- og mediesektoren
  • arbeidet for å styrkje norsk som bruksspråk i arbeids- og næringslivet
  • arbeidet for at språkteknologiske løysingar skal vere tilgjengelege på norsk, både bokmål og nynorsk.
  • arbeidet for auka omsetjing av standardar og av terminologi knytt til standardisering til norsk

Norsk omfattar både bokmål og nynorsk. Fagrådet kan også gje innspel som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Vedtatt 15. desember 2022


2 Fagrådet for skule og offentleg forvaltning

Formålet til fagrådet er å hjelpe Språkrådet i arbeidet for å vere pådrivar for at alle sektorar i det offentlege kjenner til språkpolitikken og tek det språkpolitiske ansvaret sitt på områda opplæring og offentleg forvaltning.

For opplæringssektoren skal fagrådet gje råd for å sikre ei norskundervisning som gjev solid opplæring i bokmål og nynorsk frå barnehage og fram til avslutta vidaregåande opplæring.

For offentleg forvaltning skal fagrådet gje råd for å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk, fremme nynorsk som det minst brukte skriftspråket, og for å bruke eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa.

Fagrådet er eit rådgjevande organ som skal bidra med innspel, råd og innsikt slik at Språkrådet skal kunne

  • setje dagsorden i strategisk viktige språkpolitiske spørsmål
  • ha autoritet i språkpolitiske spørsmål på alle samfunnsområde
  • vere eit tydeleg ekspertorgan

Dette inneber særleg at fagrådet skal gje råd til Språkrådet om følgande:

  • god opplæring i og på bokmål og nynorsk
  • oppfølging av språklova
  • arbeidet med eit klart, korrekt og brukartilpassa språk i det offentlege
  • arbeidet med å fremje norsk framfor engelsk i det offentlege
  • arbeidet med å auke bruken av nynorsk i det offentlege og vere eit effektivt og lærande tilsynsorgan
  • kunnskap i samfunnet om språkleg mangfald og språka som er omfatta av språklova

Fagrådet kan gje innspel som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Vedtatt 15. desember 2022


3 Fagrådet for normering og språkobservasjon

Formålet til fagrådet er å medverke til at norma i bokmål og nynorsk blir forvalta og justert i samsvar med etablert normeringspraksis og stabile utviklingstendensar i språkbruken.

Fagrådet er eit rådgjevande organ som i rettskrivingssaker vedtek innstillingar som skal til allmenn høyring og til behandling i styret i Språkrådet.

Fagrådet skal arbeide ut frå to overordna prinsipp, prinsippet om sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål og prinsippet om stabilitet, jf. Prop. 108L (2019–2020) punkt 4.2.1. I handsaminga av rettskrivingssaker skal fagrådet leggje til grunn dei retningslinjene for normering som styret i Språkrådet vedtek.

Fagrådet skal då, i samsvar med § 3 i vedtektene for Språkrådet:

  • sjå til at normeringa av bokmål og nynorsk mest mogleg skjer samordna slik at det ikkje oppstår tilfeldige skilnader mellom skriftspråka, samtidig som ein tek omsyn til særeigne prinsipp for kvart av språka
  • kome med framlegg om normering av einskildord, utanlandske namn og andre innlån
  • føreslå endringar i gjeldande rettskriving når utviklinga gjer det ønskjeleg
  • vere referansegruppe for språkrådgjevinga i Språkrådet
  • medverke til at Bokmålsordboka og Nynorskordboka blir haldne oppdaterte slik at den gjeldande norma alltid er tilgjengeleg for publikum
  • medverke til å sikre jamleg tilgang til pålitelege data om utviklinga i norsk språk for å kunne følgje utviklinga av norsk skriftmål og talemål
  • ta initiativ til samarbeid med språkvitskaplege institusjonar om språkobservasjon, om faglege arrangement og medverke til fagleg debatt om språkutviklinga
  • medverke til at det blir sett i gang fagprosjekt som er nyttige for kunnskapen om utviklingstrekk i moderne norsk
  • vere oppdatert på det som skjer elles i Norden når det gjeld normering og språkutvikling

Vedtatt 15. desember 2022


4 Fagrådet for stadnamn

Formålet til fagrådet er å arbeide for at stadnamn blir tekne vare på som språklege kulturminne, at namna får ei høveleg skriftform, og at det er kjennskap til og aktiv bruk av namna i samfunnet

Fagrådet for stadnamn skal ha fire eller fem medlemmer for norske stadnamn og éin medlem for kvenske stadnamn. Kvar medlem er òg namnekonsulent med fagansvar i namnetilrådingane frå Språkrådet.

Språkrådet er etter § 13 i stadnamnlova «stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn», og fagrådet for stadnamn skal sjå til at stadnamntenesta følgjer føringane i lov, forskrift og nærmare skrivereglar på ein einskapleg og føreseieleg måte.

Fagrådet skal difor

  • syte for at det er sams praksis i namnetilrådingane og elles i behandlinga av stadnamnsaker, i samsvar med lovverket for stadnamn
  • behandle framlegg om kva saker som kan reknast som regionale samleformer, og leggje samla føringar for kva som kan reknast som lokale dialektformer etter § 3 i forskrift om stadnamn
  • behandle namnetilrådingar av prinsipiell karakter og saker med mykje merksemd
  • vere referansegruppe for rådgjevarane i andre stadnamnsaker Språkrådet arbeider med
  • gje råd om prioriteringar i og utvikling av tilskottsordninga for innsamling og registrering av stadnamn
  • ha kontakt med namnefaglege miljø om stadnamnforsking, -undervisning og -infrastruktur

Vedtatt 14. februar 2020

Fant du det du lette etter?