Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn
Desse reglane er ei utfylling til lov om stadnamn og tilhøyrande forskrift, med heimel i § 15 «Utfyllande reglar» i forskrifta. Reglane vart vedtekne av styret i Språkrådet 6.6.2024 og godkjende av Kultur- og likestillingsdepartementet 16.8.2024.
Føremålet med reglane er å sikre at lov- og forskriftstolkingar blir gjorde forsvarleg og å vise korleis krava i forskrifta kan oppfyllast. Reglane er ikkje uttømmande, og det vil i mange saker vere lokale tilhøve som må vurderast og vektleggjast.
1 Grunnleggjande omgrep
Dei omgrepa som kan trenge forklaring eller kommentar, er kursiverte. Dei blir kommenterte i punkt 1.2–1.9 i den rekkefølgja dei opptrer i lov- og forskriftssitata nedanfor.
1.1 Aktuelle paragrafar
Dei sentrale paragrafane som gjeld skrivemåten av norske stadnamn i lov om stadnamn og den gjeldande forskrifta, er desse:
Lova § 1 første ledd:
«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»
Lova § 2 bokstav e:
«Nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk.»
Lova § 4 første og andre ledd:
«Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp. Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.»
Forskrifta § 1:
«Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving, når ikkje anna følgjer av reglane nedanfor.
Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.»
Forskrifta § 3 første ledd:
«Skrivemåten av norske stadnamn skal følgje den rettskrivingsforma eller regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det.»
1.2 Praktisk skriftform
Ei skriftform som er praktisk, må innebere at skriftforma er føreseieleg og følgjer vanlege ortografiske reglar i norsk, slik at brukaren lett kan slutte frå skriftforma til uttalen, og helst òg den motsette vegen. Det står meir om dette under termen gjeldande rettskrivingsprinsipp i 1.5 nedanfor.
1.3 Meiningsinnhald og etymologi
Ei skriftform som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, vil seie at allment kjende ord og namneledd med ein kjend etymologi skal ha ei form som kan kjennast att.
I ein del tilfelle vil det vere vanskeleg å praktisere dette prinsippet med tanke på at svært mange stadnamn er nedervde frå tidlegare språksteg og er vanskelege, ein del gonger umoglege, å tolke også for spesialistar på eldre norsk språk (gammalnorsk, urnordisk). Dette prinsippet gjeld derfor først og fremst namn der det ut frå uttalen og eksisterande eldre skriftformer ikkje kan vere tvil om tolkinga. Forskrifta § 1 tek høgd for dette i avsnittet om stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement. Der eit stadnamn gjennom den nedervde lokale uttalen har fått ei ny tyding som er i strid med etymologien (for eksempel Røynestad > Røynesdal), blir det eit skjønsspørsmål om ein skal basere seg på den eldre eller den moderne tydinga.
I proposisjonen til stadnamnlova (Prop. 65 L (2018–2019) heiter det i merknadene til § 4: «Markering av lang vokal (for eksempel med bruk av dobbel vokal) og bokstavane c, q, w, x, og z skal ikkje godtakast i skriving av allmennord. Grunnen er hovudsakleg at slike skrivemåtar i stor grad forvanskar meiningsinnhaldet.»
1.4 Nedervd lokal uttale
Nedervd lokal uttale betyr, etter det som står i bokstav e i § 2 i lova, «uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk». Dette omgrepet står da i motsetnad til nyare uttaleformer. Det er altså snakk om munnleg overlevering og at tradisjonelle lokale uttalevariantar har førerang framfor nyare former som konkurrerer med desse. Ein må merke seg at lova og forskrifta tydeleg markerer at denne nedervde lokale uttalen skal vere eit utgangspunkt for skriftforma, han skal ikkje følgjast mekanisk. Det er gjennom dei gjeldande rettskrivingsprinsippa og rettskrivinga for allment kjende ord at den nedervde lokale uttalen skal normerast til ei skriftform.
1.5 Rettskrivingsprinsipp
Gjeldande rettskrivingsprinsipp er eit vidare omgrep enn gjeldande rettskriving (sjå 1.6). Norsk, liksom andre språk, har eit sett reglar eller konvensjonar for korleis enkeltlydar og kombinasjonar av enkeltlydar skal skrivast, og korleis unormerte ord skal skrivast i samsvar med (norsktilpassa) uttale. Det er dette vi kallar rettskrivingsprinsipp. I forskrifta § 1 er det snakk om «utdøydde eller uklare språkelement», som skal skrivast i samsvar med etablerte konvensjonar for skriftleg attgjeving av språklydar i norsk. Ein må tolke dette slik at namn med slike element har ei nedervd lokal uttaleform, som skal liggje til grunn for den skrivemåten som blir vald. Men ein må ta høgd for at også i slike tilfelle skal innarbeidde og velkjende namneformer kunne bli ståande.
1.6 Rettskriving
Gjeldande rettskriving er dei offisielt vedtekne rettskrivingane for bokmål og nynorsk. Her må ein merke seg at rettskrivingane endrar seg, siste gong for bokmål i 2005 og for nynorsk i 2012. Ein må tolke lova og forskrifta slik at etablerte stadnamn ikkje treng endre skrivemåte om det ordet som ligg til grunn for eit namn eller eit namneledd, får ny skrivemåte ved ei rettskrivingsendring.
1.7 Rettskrivingsformer
Ei rettskrivingsform er ei skriftform som er i samsvar med den gjeldande offisielle rettskrivinga i bokmål eller nynorsk. I nokon mon kan ein også akseptere eldre rettskrivingsformer etter 1938 som har normeringstradisjon.
1.8 Regionale samleformer
Ei regional samleform er ei skriftform som ikkje er i samsvar med offisiell rettskriving, men som likevel har ein skrifttradisjon i namnenormeringa, og som er basert på dialektformer som er i bruk over større område. Dei kan seiast å representere ulike, men nærskylde, lokale uttaleformer, t.d. støyl, staul og stul (rettskrivingsform: støl), stugu eller stogo (rettskrivingsformer: stua eller stova), tjenn eller tjønn (rettskrivingsformer: tjern eller tjørn). Ved å bruke regionale samleformer i stadnamn kan ein fremje meir talemålsnære former enn rettskrivinga gir høve til, utan å opne for ei uoversiktleg mengd lokale dialektformer.
Dei formene i 2–6 nedanfor som kan nyttast utan vilkåret «særlege grunnar», er å rekne som regionale samleformer.
1.9 Lokale dialektformer
Ei lokal dialektform er ei dialektform som oftast ikkje har stor regional utbreiing, eller som det ikkje er tradisjon for å nytte i namnenormeringa. Visse lokale dialektformer kan likevel ha tradisjon i namnenormeringa i bestemte delar av området der uttalen finst. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det, ifølgje forskrifta § 3 første ledd. Ein særleg grunn kan vere at ei slik form allereie er så innarbeidd og vanleg nytta som stadnamn at eit skifte i skriftform vil føre til urimelege ulemper, eller at forma gir spesielle assosiasjonar som innbyggjarane i området ønskjer å ta vare på (eventuelt i motsetning til assosiasjonar som heftar ved alternative former). Sterke lokale ønske om ei viss namneform kan i seg sjølv telje som ein særleg grunn. Men vurderinga av kva som skal reknast som legitime «særlege grunnar», vil nødvendigvis byggje på skjønn, spesielt der det er sterk lokal usemje om slike former. Det er likevel ein føresetnad at dette skjønnet må vere relativt strengt, og at det vanlege skal vere at stadnamn byggjer på rettskrivingsformer eller regionale samleformer.
Lokale dialektformer kan nyttast meir i førsteleddet enn i sisteleddet i samansette namn (t.d. Stylfjellet, men Fillstølen). Etter normeringstradisjonen er det vanleg å leggje sterkt avvikande dialektformer nær opp til uttalen dersom slike former skal nyttast (t.d. fjødd for fjell, kvæv for kvelv, høy for haug).
Hovudregelen er altså at ein skal velje den rettskrivingsforma eller den regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen, men når særlege grunnar talar for det (som omtala ovanfor), kan ein velje ei lokal dialektform. Viktige prinsipp i denne samanhengen er konsekvens og einskap. Det vil seie at same ordet eller same målmerket som hovudregel blir skrive likt innanfor same dialektområdet/kommunen. Dei formene i 2–6 nedanfor som kan nyttast under vilkåret «særlege grunnar», er rekna som lokale dialektformer.
Når særlege grunnar talar for det, kan òg lokale dialektformer som ikkje er nemnde ovanfor, nyttast.
2 Kjønn, tal og form
Bruken av grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform og bunden eller ubunden form skal som hovudregel rette seg etter den nedervde lokale uttalen. Sjå òg punkt 6 om samansette namn.
3 Ordformer
3.1 Diftong/monoftong
I ord der ein i rettskrivinga har val mellom diftong (stein, øyr, straum) og monoftong (sten, ør, strøm) skal ein som hovudregel følgje dialektuttalen. Der monoftongeringa har gitt eit resultat som ikkje er i samsvar med vanleg rettskriving (stæn av stein, strô:m av straum), skal ein følgje rettskrivinga og som hovudregel nytte diftong.
Det kan brukast monoftong i ord som ikkje har det i rettskrivinga (t.d. gjet staden for geit), i område der dette er i samsvar med den nedervde lokale uttalen, og det er normeringstradisjon for denne skrivemåten.
3.2 Jamvektsformer
I område med jamvektsformer kan rotvokalen og den trykklette vokalen i andrestavinga skrivast i samsvar med dialektuttalen (bråtan, hagan, stugu). Til dømes vil /hag:an/ og /ha:gan/ kunne skrivast Hagen (rettskrivingsform) eller Hagan (regional samleform).
Der talemålsgrunnlaget og normeringstradisjon talar for det, kan det veljast skrivemåte med to konsonantar (t.d. håggån for /håg:ån/).
3.3 Konsonantsamband
Konsonantsambanda sl, tl, ft, pt, fs, ps, mb og rs kan skrivast i samsvar med dialektuttalen (lisle/litle, tuft/tupt, ufs/ups, kamb, fors). Til dømes vil uttalen /tʉpt/ kunne skrivast slik: Tuft (rettskrivingsform) eller Tupt (regional samleform).
3.4 Stemt konsonantuttale
I område med uttalen b, d, g for p, t, k kan b, d, g nyttast (djub, flad, vig). Til dømes vil uttalen /vi:g/ kunne skrivast Vik (rettskrivingsform) eller Vig (regional samleform).
3.5 Tjukk l
I område med uttalen tjukk l av gammalnorsk rð skal til vanleg rd nyttast. Til dømes skal uttalen /ska:ɽ/ til vanleg skrivast Skard (rettskrivingsform), ikkje Skar (anna rettskrivingsform), og uttalen /u:ɽ/ skal til vanleg skrivast Urd (rettskrivingsform), ikkje Ur (anna rettskrivingsform).
Uttalen med tjukk l av gammalnorsk l skal skrivast med l.
3.6 Konsonantsambandet rn
I område med uttalen nn for rn kan skrivemåten nn nyttast. Uttalen /kjenn/kjønn/ vil kunne skrivast Tjern/Tjørn (rettskrivingsformer) eller Tjenn/Tjønn (regionale samleformer).
I område med uttalen dn for rn kan skrivemåten dn nyttast når særlege grunnar talar for det.
3.7 Gammalnorsk hv
I område med uttalen kv for gammalnorsk hv skal til vanleg kv nyttast (Kvam, kvit).
I område med uttalen v for gammalnorsk hv skal til vanleg hv nyttast (Hvam, hvit).
I område med uttalen gv for gammalnorsk hv skal til vanleg gv nyttast (Gvam, gvit).
3.8 Bevaring av trekk frå eldre språksteg
Namneledd med ein nedervd lokal uttale som har nær samanheng med gammalnorske former, kan skrivast i samhøve med uttalen (lid for li, strond for strand).
3.9 Moderne ø for gammalnorsk o/ǫ
Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1.9), kan ø for gammalnorsk kort o og ǫ brukast i samsvar med uttalen.
3.10 Aksentteikn
Aksentteikn kan nyttast dersom det er ønskjeleg for å tydeleggjere uttalen (t.d. for å indikere /å/-uttale i Hòlevegen).
4 Bøyingsverk
4.1 Eintalsformer – sterke hokjønnsord
Sterke hokjønnsord kan i bunden form eintal få desse endingane:
4.1.1 -a i samsvar med rettskrivinga.
4.1.2 -i når dialektuttalen er -i eller -ei, eller når det er normeringstradisjon for å nytte -i.
4.1.3 -en i bergensk. Døme: viken.
4.1.4 Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -e, -o og -å nyttast når dette samsvarar med dialektuttalen. Uttalen /liå/ kan såleis gje skrivemåten lia etter rettskrivinga eller liå etter dialektuttalen.
4.1.5 Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -na, -ne, -ni, eller -no nyttast når dette samsvarar med dialektuttalen. Endar ordet i grunnform på k eller g, kan likeins -je, -jo eller -jå nyttast når særlege grunnar talar for det, og det samsvarar med dialekten.
4.2 Eintalsformer – svake hokjønnsord
Svake hokjønnsord kan i bunden form eintal få desse endingane:
4.2.1 -a i samsvar med rettskrivinga.
4.2.2 -en i bergensk. Døme: gaten.
4.2.3 Når særlege grunnar talar for det, kan endingane -o og -å nyttast i samsvar med dialektuttalen. Døme: holo, holå.
4.3 Eintalsformer – hankjønnsord
Hankjønnsord kan i bunden form eintal få desse endingane:
4.3.1 -en i samsvar med rettskrivinga.
4.3.2 -n i jamvektsord. Døme: hagan.
4.3.3 Når særlege grunnar talar for det, kan endinga -in nyttast i samsvar med dialektuttalen. Døme: bakkin, hagin.
4.4 Fleirtalsformer
4.4.1 Rettskrivingsformer
Ein skal nytte rettskrivingsformene -ane, -ene og -a når desse er i tråd med dialektuttalen (t.d. bakkane, bruene, brekkene, fjella).
Når det er ein annan dialektuttale (jamfør 4.4.3.1–4.4.3.4 nedanfor), kan den rettskrivingsforma som passar best med systemet i rettskrivinga og dialekten, brukast.
4.4.2 Regionale samleformer
4.4.2.1 Dei eldre rettskrivingsformene -i og -one kan brukast når det er i samsvar med dialektuttalen eller normeringstradisjonen (t.d. fjelli og brekkone).
4.4.2.2 Endingane -an eller -en kan brukast (som regional samleform) når det i dialekten er éi staving i bunden form fleirtal (t.d. bakkan og bruen).
4.4.2.3 Endinga -a kan brukast i hankjønnsord (som regional samleform) når det er i samsvar med dialektuttalen (t.d. bakka).
4.4.3 Lokale dialektformer
Når særlege grunnar talar for det (jamfør 1.9), og det er i samsvar med dialektuttalen, kan elles desse formene brukast:
4.4.3.1 -in(e) i hankjønnsord og sterke hokjønnsord (t.d. bygdin)
4.4.3.2 -on, -un(e), -ån(e) i svake hokjønnsord (t.d. brekkon og lykkjune)
4.4.3.3 -e, -å, -o i inkjekjønnsord (t.d. fjelle)
4.4.3.4 ‑adn(e), ‑edn(e), ‑idn(e), ‑udn(e)‑ eller -atn, -etn, -itn og -utn (t.d. bakkadn og lykkjutn)
5 Dativ
Dativforma av eit namn bør brukast når ho er eineform, men elles bør ein bruke grunnforma. Dativ fleirtal får endinga -o, -om eller -um i samsvar med den nedervde, lokale uttalen. Døme: Geilo, Haugom, Sveum.
6 Samansette namn
Ein skil mellom faste og lause samansetningar. Faste samansetningar skriv ein i eitt ord, t.d. Storsteinen, medan lause samansetningar blir skrivne i to eller fleire ord, t.d. Den store steinen. Det er dialektuttalen som avgjer om ei samansetning er fast eller laus. Det vanlege i norsk namnelaging er fast samansetning og bunden form. I gate- og vegnamn er det likevel ein viss tradisjon for lause samansetningar, t.d. Camilla Colletts vei, Henrik Ibsens gate.
Ein skal som hovudregel nytte den samansetjingsmåten som samsvarar med den nedervde lokale uttalen. Døme: Kristiansandsfjorden, Oslofjorden, Viksfossen, Strandvikfjellet, Vikafjellet, Vikefjell. Andre døme på aktuelle samansetningar er namneformer med ja-fugar (som Engjabø og Øykjaskar), namn med ar-fugar (som Liarhaug og Lagareidet) og namn med jar-fugar (som Hyljarås og Bekkjarvik). Somtid kan faste samansetningar skrivast med bindestrek, t.d. Ner-Kalvika, Henrik Jensa-neset. Når det er tale om nylaga stadnamn (til dømes brunamn, tunellnamn og adressenamn), bør ein ta omsyn til det samansetjingsmønsteret som er nytta i den lokale munnlege stadnamntradisjonen.
6.1 Lause samansetningar
Tillegg som øvre, nedre, ytre og indre skal som hovudregel stå framom dei namna som dei er knytte til (Øvre Moen, Nedre Li, Ytre Dalen, ikkje Moen øvre, Li nedre, Dalen ytre).
6.2 Samansetningar der føreleddet byggjer på eit namn i bunden form
Endinga i bunden form skal som hovudregel falle bort i samansette namn i samsvar med det lokalt nedervde mønsteret for samansetjing som finst i tilsvarande namn på staden. (Stokkan, men Stokk(e)gjerdet eller Stokkagjerdet; Mandalen, men Mandalselva; Breivika, men Breivikbrua).