Det viktigaste stilidealet i nynorsk sakprosa går ut på å skrive greie setningar. Den som skal skrive regelverk, bør ha som utgangspunkt at grei syntaks og høg fagleg kvalitet ikkje er motsetningar, men to sider av same sak. Dette gjeld uavhengig av målform, men det er verdt å merke seg at nynorsken ofte har gått føre med gode løysingar. Eit døme frå Grunnlova:
Bokmål: Dog tilkommer Arveret ikke nogen som ikke er født i ret nedstigende Linje fra den sidst regjerende Dronning eller Konge eller dennes Søster eller Broder, eller selv er dennes Søster eller Broder.
Nynorsk: Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen.
Grunnlova
Dersom du ikkje veit kva ord og former du skal velje, bør du ta utgangspunkt i det som har vanlegast til no, anten i nynorsken generelt eller i nynorsk regelverk på området. Det å leggje seg nærast mogleg bokmål er ei vel lettvinn og nokså tvilsam løysing som mange tekstar er prega av.
Bokmål |
Nynorsk |
adgang |
(fysisk:) tilgjenge, tilgang (om rett:) høve, lov, løyve, rett |
alminnelig | vanleg; allmenn |
angå | gjelde, kome ved, vedkome |
anvende | nytte, bruke |
anvendelse kommer til anvendelse regelen får tilsvarende anvendelse |
bruk, nytte; (ofte:) det å gjelde kjem til bruk, skal brukast/nyttast, skal gjelde, gjeld (ofte:) regelen gjeld / skal brukast på tilsvarande måte / på same måten |
avgjørelse | avgjerd |
barnets beste
|
det beste for barnet, det som er best for barnet til beste for barnet (lovgjeving/rettleiing til beste for barnet) til det beste for barnet (det er til det beste for barnet at ...) |
befaring | synfaring |
begrensning | avgrensing |
begrunne | grunngje/grunngi |
begrunnelse | grunngjeving |
bero: ligge i bero stille i bero |
vere lagd til side stanse, utsetje, la liggje |
beslutning | vedtak; avgjerd |
bestemme | avgjere, fastsetje |
bestemmelse | føresegn, regel |
betydning har / er av stor betydning |
(berre om omgrep:) tyding er svært viktig, har stor vekt, tel mykje, har mykje å seie |
enhver | kvar og ein / alle (avhengig av konteksten) |
erkjenne | kjennast ved, vedgå; sannkjenne |
erklære | gje fråsegn (om), gje melding (om), seie, seie frå (om) (i visse samanhengar:) lyse |
erklæring | fråsegn, utsegn, melding; lysing |
fatte vedtak | gjere vedtak |
forberedelse | førebuing |
forbindelse i forbindelse med |
samband i samband med |
foreligge Dersom det foreligger særlige grunner |
liggje føre, finnast, vere Dersom det er særlege grunnar (til/for noko) |
foreløpig |
førebels |
foreta |
gjere |
forhold personlige forhold straffbare forhold andre forhold |
tilhøve, høve personlege tilhøve strafflagde tilhøve anna |
forsettlig |
forsettleg, med vilje |
gjenlevende |
attlevande |
godtgjørelse |
godtgjersle |
hensiktsmessig |
føremålstenleg, formålstenleg, tenleg |
hensyn av hensyn til med hensyn til |
omsyn av omsyn til med omsyn til; når det gjeld |
henvisning til |
tilvising til |
hjemmel med hjemmel i |
heimel etter / med heimel i |
hvorvidt |
om, kor langt, i kva mon(n) |
i henhold til |
etter / i samsvar med / med heimel i |
ikrafttredelse ved lovens ikrafttredelse |
iverksetjing, ikraftsetjing når lova tek til å gjelde |
i medhold av |
i samsvar med; med heimel i |
inhabil |
inhabil, ugild |
inhabilitet |
inhabilitet, ugildskap |
ivareta (noens) interesser |
tryggje interessene (til nokon) |
iverksettelse |
iverksetjing |
kjennelse |
orskurd |
med X menes/forstås her ... |
X tyder her ... |
mv. (med videre) |
o.a. (og anna), m.m. (med meir) |
myndighet |
(organ:) styresmakt, myndigheit, mynde; (av og til:) makt (jf. påtalemakta) |
offentlighet |
allmente, ålmente, offentlegheit |
omfatte som omfattes av loven |
femne om, gjelde som lova femner om, som lova gjeld (for) |
omgjøring |
omgjering |
overtredelse overtredelse av § ... |
lovbrot brot på § ... |
passe så langt det passer |
høve så langt det høver |
påklage |
klage på |
rettighet |
rett, rettigheit |
sakkyndig |
sakkunnig |
saksbehandling |
sakshandsaming; merk òg: å ta/ha ei sak føre (jf. det tradisjonelle ordet sakførehaving) |
saksforberedelse |
saksførebuing |
sammenheng |
samanheng, samband |
taushetsplikt opplysninger som er undergitt taushetsplikt, taushetsbelagte opplysninger uten hinder av taushetsplikt |
teieplikt opplysningar (som) det gjeld teieplikt for
uhindra av teieplikt(a) |
taushetsrett |
teierett |
tilknytning |
band, tilknyting |
tiltak treffe tiltak |
tiltak gjere tiltak |
tjenlig dersom det synes tjenlig |
tenleg dersom det verkar tenleg |
treffe vedtak, treffe tiltak |
gjere vedtak, gjere tiltak |
tre i kraft Loven trer i kraft fra det tidspunktet Kongen fastsetter |
ta til å gjelde Lova gjeld frå den tida Kongen fastset / Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset |
underretning |
melding |
underrette |
gje melding om |
utredning |
utgreiing |
vedtak fatte/gjøre vedtak |
vedtak gjere vedtak |
veiledning |
rettleiing |
veiledningsplikt |
rettleiingsplikt |
verge |
verje |
virkeområde |
verkeområde |
Bokmål |
Nynorsk |
Alminnelige bestemmelser | Allmenne føresegner |
Avsluttende bestemmelser | Sluttføresegner |
Definisjoner | Definisjonar |
Fellesbestemmelser | Fellesføresegner |
Innledende bestemmelser | Innleiande føresegner |
Overgangsbestemmelser | Overgangsføresegner |
Overordnede bestemmelser | Overordna føresegner |
Ikrafttredelse/ikraftsetting | Ikraftsetjing, iverksetjing |
Lovens anvendelse | Bruken av lova |
Lovens formål | Føremålet med lova |
Lovens virkeområde | Verkeområdet for lova |
Saklig virkeområde (hva loven gjelder) | Sakleg verkeområde (kva lova gjeld) |
Stedlig virkeområde (hvor loven gjelder) | Stadleg verkeområde, geografisk verkeområde (kvar lova gjeld) |