Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Brukartesting av tekstar

Du kan ikkje vite om ein tekst eller ei teneste er i tråd med klarspråksprinsippa før du har undersøkt om målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han.


Her skriv vi berre om testing av tekstar, men mange av metodane høver like godt for å teste digitale løysingar.

Før du går i gang

Når skal de brukarteste?

Brukartesting er nyttig i alle fasar av klarspråksarbeidet. Brukartesting inngår i

Kven skal de be om å brukarteste teksten eller tenesta?

Det beste er å teste på faktiske brukarar. De kan anten kontakte dykkar eigne brukarar eller få hjelp frå eit rekrutteringsbyrå. I større undersøkingar er det lurt å rekruttere personar med ulik bakgrunn. Viss de har lite ressursar eller berre treng nokre få testpersonar, kan de til dømes høyre om kollegaer kjenner nokon de kan spørje. Somme bruker kollegaer som ikkje kjenner feltet så godt, og som dermed har andre føresetnader for å forstå teksten.

Aktuelle brukarar kan vere

  • innbyggjarar som teksten gjeld spesielt for, til dømes mottakarar av eit bestemt vedtaksbrev, grupper som ein lovtekst vedkjem spesielt, menneske som av ein eller annan grunn blir spesielt påverka av regelendringar eller reformer, osb.
  • tilsette i stat eller kommune som skal bruke den aktuelle teksten i arbeidet sitt, til dømes i rettleiingar
  • kollegaer i eiga verksemd eller i ei anna verksemd
  • politikarar eller journalistar
  • ekspertbrukarar som har eit profesjonelt tilhøve til den aktuelle teksten (som vidareformidlarar eller representantar for sluttbrukarar)

Korleis gjennomfører de ein brukartest?

Det løner seg å førebu seg godt. Tenk gjennom kva de lurer på, kva de alt veit, kven de skal spørje, kva de skal spørje om, og korleis de skal bruke resultatet.

De sparer tid og får dei beste resultata viss de klarer å vere opne og lyttande. Det er viktig at de ikkje diskuterer med brukarane eller svarer når brukarane lurer på noko. Det er ikkje alltid enkelt, for det er lett å få eit eigarskap til eit produkt og notere det som stadfester eigne synspunkt. Men viss de klarer å halde litt avstand, kan de få nokre aha-opplevingar.

Ulike metodar for å brukarteste tekst

Intervju

For å teste til dømes eit vedtaksbrev kan de intervjue 8–10 personar i ei gruppe. Intervjuet kan skje på telefon, i eit nettmøte eller ved å møtast andlet til andlet. Målet er å få spontane reaksjonar på brevet. Metoden er billig og rask, og han viser om de er på rett veg.

Forklar kvar brukar ein tenkt situasjon og be henne sjå for seg at brevet kom i posten. Brukaren får beskjed om å skumlese brevet. Deretter blir ho beden om å svare på desse spørsmåla:

  • Kva er førsteinntrykket ditt?
  • Kva for kjensler vekkjer brevet hjå deg?
  • Vekkjer brevet interesse? På kva måte?
  • Kva er bra og mindre bra ved brevet?
  • Opplever du at innhaldet er lett eller vanskeleg å oppfatte? Kvifor?
  • Kva type brev oppfattar du at dette er?
  • Kva står det i brevet?
  • Kven trur du er avsendar av brevet? Er det eit brev frå eit/vårt statsorgan? Kvifor, kvifor ikkje?

Mikrotesting

Denne lågterskelmetoden er utvikla av Skattedirektoratet og passar spesielt godt for tekstar der den viktigaste informasjonen må stå først, til dømes nettekstar. Du bruker telefon eller nettmøte og intervjuar ein brukar i 10–15 minutt.

  • Avtal tid med brukaren.
  • Send to e-postar. Den eine skal innehalde overskrifta og første avsnitt av teksten, den andre heile teksten.
  • Under intervjuet ber du brukaren om å lese den korte teksten og stille 3–4 spørsmål som ho ventar å få svar på i resten av teksten.
  • Be brukaren om å lese heile teksten og fortelje kvar ho finn svar på spørsmåla.

Kjøkenbordmetoden

Mange statsorgan har god erfaring med å teste tekstar på meir perifere kollegaer og på familie og vener. De kan anten be om generell tilbakemelding eller stille bestemte spørsmål om teksten. Same kva de vel, kan denne metoden avdekkje problem og gjere at de kjem i gang med klarspråksarbeidet.

Ekspertbrukarar

Ekspertbrukarar er eksterne fagpersonar som både er brukarar og vidareformidlarar av den teksten de skal teste. Desse brukarane har eit profesjonelt tilhøve til teksten, og dei kan gje innspel om bruken av teksten både på eigne vegner og på vegner av brukarane dei representerer. Døme på ekspertbrukarar kan vere

  • advokatbyrå som til dømes rettleier Nav-klientar eller andre
  • konsulentbyrå som rettleier mange bedriftskundar i offentleg regelverk
  • revisorar
  • profesjonelle verjer som hjelper mange personar
  • interessesamskipnader
  • omsetjar- og språkbyrå som jobbar profesjonelt med tekst

Metodane de bruker for å teste ein tekst hjå ein ekspertbrukar, kan vere dei same som de bruker elles. Hugs at ekspertbrukarane kan ha ein tydelegare agenda enn det ein tilfeldig sluttbrukar vil ha. Sidan ekspertbrukarane bruker tekstane i profesjonell samanheng, kan det vere aktuelt å betale dei for hjelpa. Til gjengjeld kan de be om raskare og grundigare respons enn elles.

Fokusgrupper

Ei fokusgruppe er ei gruppe utvalde brukarar som samlast til ein samtale. Det bør ikkje vere fleire enn ti personar i gruppa. Bruker de denne metoden, kan de avdekkje kva for ord og uttrykk brukarane ikkje forstår eller liker, og kva for ord som har ein annan effekt enn venta. De kan få fram kva brukarane meiner om tonen i dei aktuelle tekstane, kva som er interessant og uinteressant, og kva som burde forklarast betre. Det kan òg kome uventa innspel.

Eit fokusgruppemøte kan vare i 1–2 timar. 2–3 personar noterer det som blir sagt. Det kan vere ein fordel å gjere film- eller lydopptak for å få med alt. Møteleiaren skal passe på at alle får sagt det dei meiner. Lag ein plan for kva for spørsmål eller tema de skal innom, og i kva rekkjefølgje. Samstundes er det viktig at samtalen får flyte. De får fram verdifull informasjon når ein person får ein idé og andre spinn vidare på han.

Døme: Lånekassen brukte fokusgrupper for å teste tekst

Lånekassen spurde elevar frå Elvebakken videregående skole i Oslo kva dei synest om informasjonen dei har fått når dei har søkt om stipend. 

Ei aha-oppleving for Lånekassen var at ord som var meinte som positive og venlege, vart oppfatta som normale og nøytrale av elevgruppa. 

Lånekassens konklusjon var at ein må vere ekstra hyggjeleg overfor unge kundar for å bli oppfatta som venleg.

Minifokusgruppe

Ei minifokusgruppe er nokre få utvalde brukarar som samlast til ein samtale. Denne metoden fungerer godt om de vil ha eit raskt innblikk i potensielle problem tidleg i skriveprosessen.

Inviter tre brukarar. Still førebudde spørsmål, men la samtalen vere så open som mogleg. Ta med eit par innvigde kollegaer som kan følgje med. Etterpå diskuterer de innspela og gjer eventuelle endringar i teksten. Gjenta prosessen.

Arbeidsseminar

Gjennom eit lengre møte med aktuelle brukarar – eit arbeidsseminar – får de høyrt på tilbakemeldingane, tolka dei og revidert teksten med det same. Slik kan de unngå mange rundar om same teksten.

På eit arbeidsseminar kan de jobbe med ein konkret tekst saman med nokre inviterte brukarar.

Blikksporing

Blikksporing ved lesing av tekst på skjerm gjev kognitive data om korleis lesaren faktisk les teksten. Ved å filme augerørslene til lesaren medan ho les, får de vite hva for ord auget kviler på lengst, i kva rekkjefølgje setningar og avsnitt blir lesne, og kor mykje tid lesaren bruker på lesinga. Metoden viser kva lesaren ser og ikkje ser, og gjev mykje informasjon de ikkje får gjennom kvalitativ testing. Ei ulempe er at metoden er kostbar og krev teknisk assistanse.

Brukarpanel og høyring

Har de dialog med innbyggjarane undervegs i skriveprosessen, får de med brukarperspektivet frå start til slutt. Les meir om brukarpanel og høyring på nettsidene til KS.

Intervjubasert testing

Gjennom samtalar med målgruppa kan de sjekke om teksten er god nok, og de kan få nyttige innspel til forbetringar. De kan prate med ein og ein person, eller de kan samle ei gruppe. Les meir på nettsidene til KS.

Geriljatesting

Geriljatesting er ein kjapp og lite ressurskrevjande metode for å teste om ord og setningar i ein tekst er forståelege, og om bodskapen kjem tydeleg fram. Oppsøk brukarane der dei er, og få raskt svar på om tekstane er klare nok. Les meir på nettsidene til KS.

Gjenta brukartesten med den reviderte teksten

Det er alltid ein fordel å brukarteste teksten på nytt etter at han er skriven om. Test nye versjonar til du har ein tekst brukarane er nøgde med.

Døme: Brukartest blant skoleelevar gav overraskande resultat

Brukartest av tekst ved intervju og geriljatesting blant elevar på Lier videregående skole fortalde skolen at tekstane ungdommane måtte lese og bruke, var krevjande for mange elevar å forstå.

Les meir i NRK-artikkelen «Ungdom forstår ikkje offentlege brev: – Eit samfunnsproblem».

Fant du det du lette etter?