Hopp til hovedinnhold

Effektmåling


Mål effektar for å vise at klarspråk løner seg.


Det er viktig å måle effektar av klarspråksarbeidet for å
  • vite kor godt tiltaka verkar
  • lære av arbeidet og betre innsatsen
  • rekne ut kor mykje verksemda sparer på klarspråksarbeidet

Slik kan de måle effekt

De bør gjere ein analyse av situasjonen slik han er før de set i verk klarspråkstiltak (ofte kalt ein nullpunktsanalyse), som viser kvar skoen trykkjer mest. Gjenta analysen undervegs og/eller etter at de har gjennomført klarspråkstiltak. Viss analysane viser endringar, gjev det ein indikasjon på at tiltaka har hatt effekt.

Når de har oversyn over endringane, kan de forsøke å rekne ut kva verdi klarspråkstiltaka har hatt: Har de spart tid og pengar? Har tiltaka gjort brukarane meir nøgde?

Metodar: KS' verktøykasse for brukarinvolvering og effektmåling

Formuler mål for klarspråkstiltaka

Formuler måla for tiltaka på førehand, slik at de har noko å vurdere resultata mot etterpå. Måla bør vere konkrete og realistiske. Derfor er det viktig å planleggje evalueringa allereie frå byrjinga.

Bruk effektkjeda når de vel kva de skal måle

Effektkjeda viser sambandet mellom innsats, aktivitetar, produkt, tenester og effektar i eit klarspråksarbeid. Det er mogleg å setje mål for ulike delar av kjeda og evaluere resultata separat. Er fleire brukarar nøgde med språket i brev og skjema? Får verksemda færre feilutfylte skjema? Får førstelinetenesta færre spørsmål om grunnleggjande ting?

Jo lenger ut i effektkjeda ein måler, jo vanskelegare blir det å finne effektar som er eintydige resultat av prosjektet. Derfor er det naudsynt å jobbe metodisk og systematisk og gjere gode nullpunktsanalysar.

Effektkjeden

Slik bereknar de innsparingar

Bruk effektmålingane til å rekne ut kor mykje verksemda har spart i tid og kroner, eller kva anna verdi arbeidet har hatt (til dømes meir nøgde brukarar). Reknestykke som viser innsparingar, kan brukast til å overtyde leiarar og andre om at klarspråk løner seg. Slike tal er òg nyttige for å motivere dei tilsette til vidare klarspråksinnsats.

Bygg utrekningane på gode nullpunktsanalysar og metodiske målingar, men hugs at det er naudsynt å gjere visse overslag når de skal estimere innsparingar. Det kan vere vanskeleg å isolere samanhengen mellom innsats og effekt.

Slik kan de til dømes rekne ut om uklart språk gjev

  • tapte inntekter
    Døme: Pasientar let vere å møte opp til oppsett tid, og sjukehuset går glipp av helserefusjonar.
  • auka kostnader
    Døme: Feil i søknader fører til dobbeltarbeid, og sakshandsamarane må bruke ekstra tid.
  • auka kostnader eller sløsing med tid for brukarane
    Døme: Brukarane forstår ikkje informasjonen dei får, og dei klarer ikkje å gjere det dei skal, rett på første forsøk.

Spare tid og pengar – tre døme

Statens pensjonskasse slapp å tilsetje mange nye medarbeidarar

Dei tidlege analysane av pensjonsreforma i 2011 viste at kundesenteret hjå Statens pensjonskasse åleine ville måtte tilsetje 20 nye medarbeidarar og auke frå 16,8 stillingar i 2007 til 36,6 stillingar i 2011. Det svarer til ca. 12 millionar kroner i løn. Evalueringa av arbeidet med reforma viste at god leiing og kloke grep i førstelinetenesta, mellom anna ei satsing på klarspråk, gav resultat: Talet på spørsmål til kundesenteret vart nesten dobla mellom 2009 og 2011, medan talet på tilsette berre auka frå 21 til 27 i same periode, altså 9,6 årsverk færre enn venta.

Les meir i artikkelen «Klarspråksledelse – mer enn gode tekster» av Onar Aanestad. 

Klart språk sparte Statens vegvesen for 90 veker

300 000 personar sparer tid tilsvarande 90 veker etter at Statens vegvesen byrja å bruke eit meir folkeleg språk i breva sine.

Les meir på vegvesenets blogg.

Hamar kommune sparte 1,5 millionar kroner på klarspråksarbeid

Hamar kommune har jobba systematisk med klarspråk i fleire år og har rekna ut kva dei sparer ved å skrive meir forståelege tekstar.

Les meir på nettsidene til KS.

Meir nøgde brukarar

Meir nøgde brukarar er ein vinst ein ikkje kan talfeste, men vinsten bør vere synleg likevel.

For å dokumentere i kva grad brukarane er nøgde, kan de brukarteste konkrete tekstar eller gjennomføre spissa brukarundersøkingar. Men det finst òg andre måtar å dokumentere vinstane på. Fotografiar, videoar og sitat frå brukarane kan illustrere vinstar som det er vanskeleg å talfeste. Slike vinstar må òg med i evalueringa av klarspråksarbeidet.

Brukarperspektivet – to døme

Stavanger kommune slår i bordet med brukarsitat

På utdelinga av klarspråksprisen for 2018 brukte Stavanger kommune sitat frå innbyggjarane sine for å fortelje korleis folk opplevde språket i kommunen.

Kommunen har undersøkt språket i sentrale tekstar som strategidokument, overordna planar og politiske saksdokument. I intervju med utvalde tilsette og politikarar kjem det fram at det er eit stort maktpotensial i språket i slike viktige dokument. Gjennom språket kan kommunen inkludere eller ekskludere folk frå viktige avgjerder.

Sjå Stavanger kommune sitt innlegg frå utdelinga av klarspråksprisane 2018.
Les heile rapporten her.

Jeg forstår ikke vedtaket. Kanskje hvis jeg plukker det fra hverandre. Men vi kan ikke ha vedtak der folk må gå inn i arkeologmodus for å forstå

Informant frå Stavanger kommune si undersøking om språket i beslutningstekstar

Skedsmo kommune reduserte ventetida på omsorgsbolig frå mange månader til fem veker

I Skedsmo kommune tok det tidlegare mellom tre og seks månader frå ein omsorgsbolig vart ledig til ein ny person flytta inn. No tek det ca. fem veker. Kort ventetid gjev betre helse, meir nøgde brukarar og pårørande og sparer kommunen for pengar.

Les meir i heftet «Klart språk gir resultater».

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.