Slik finn du rett ord på nynorsk
Nynorsk og bokmål har mange fellestrekk, men ordforrådet er forskjellig. Kva forvaltningsord er det greitt å bruke i nynorsk?
Nynorsk og bokmål har mange fellestrekk, men ordforrådet er forskjellig. Kva forvaltningsord er det greitt å bruke i nynorsk?
Bakgrunnen for dei to norske skriftspråka våre er ulik, difor er det også ein del variasjon i ordforrådet.
Grunnlaget for nynorsken vart lagt på 1800-talet då Ivar Aasen utforma landsmålet. Han bygde på undersøkingar av talemåla i landet og heldt resultata opp mot mellom anna norrønt. Bokmål byggjer på fornorskinga av det danske skriftspråket som Noreg hadde fram til byrjinga av 1900-talet. Rettskrivingsreformene i 1907 og 1917 bygde i stor grad på ideane til Knud Knudsen om at skriftspråket skulle verte norsk med ei gradvis tilnærming til danna daglegtale.
Tilnærmingspolitikken vart ikkje offisielt oppheva før i 2002, men avviklinga av tilnærminga byrja lenge før det. I dag er ikkje tilnærming noko mål lenger, og bokmål og nynorsk blir normerte på sjølvstendig grunnlag. Framleis er ein meir restriktiv med å ta inn tyske og danske lånord (til dømes ord på an- og be-) i nynorsk.
Somme forvaltningsord på nynorsk liknar på bokmålsorda, medan andre er heilt annleis. Korleis finn du rett ord? Du bruker sjølvsagt Språkrådets administrative ordliste frå bokmål til nynorsk!
Ordlista er eit godt og nyttig verktøy for nynorskskrivande byråkratar. Dei fleste oppslagsorda i lista er henta frå bokmålstekstar som er skrivne i statstenesta. Lista finst både i pdf-versjon og søkbar nettversjon, og ho blir brukt i fleire automatiske omsetjingsverktøy.
Våren 2024 vart det lansert ein oppgradert versjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Den nye versjonen har betre universell utforming, og han inneheld nye funksjonar. I den nye versjonen får du forslag til omsettingar mellom bokmål og nynorsk baserte på administrativ ordliste og maskinomsettingsplattforma Apertium.
Døme: Om du slår opp anskaffelse i ordbøkene, kjem nyskaffing opp som eit forslag på nynorsk.
Kan ein skrive myndigheit på nynorsk, eller må ein bruke styresmakt? I dag er -heit ei godteken ordlagingsending i nynorsk. Men endinga bør ikkje nyttast slik at ho trengjer ut innarbeidde ordlagingsmåtar på nynorsk. Det er til dømes ingen grunn til å konstruere kjærlegheit når vi allereie har kjærleik. Slå gjerne opp ord på -het i ordbøkene for å sjå om det finst ein etablert ekvivalent på nynorsk.
Samlesida «Nynorskhjelp» gir hjelp til sjølvhjelp. Her finn du både nettkurs, øvingar og artiklar med råd om ordtilfang og setningsbygnad. Nynorskhjelp (sprakradet.no)
Ta nettkurset «Oi, på nynorsk!». Oi, på nynorsk! – eit innføringskurs på nett | Læringsplattformen (dfo.no)
Ta korte lynkurs om utvalde tema, mellom anna forvaltningsord og nynorske pronomen: Lynkurs (sprakradet.no)
Øv på grammatikk og rettskriving i Nynorsk øvingsrom.
Lær grammatikk med Nynorsk minigrammatikk.