Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

– Språkarbeid sparar tid


– Språkarbeid sparar tid, både for brukarane og for oss, seier Marie Havnen, kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Tilsynet har sett seg som mål at det skal vera minst 50 prosent nynorsk i nettekstane.

– Me i det offentlege har plikt til å sørga for at brukarane våre finn fram i tekstane og forstår det dei finn. Og jo fleire som fyller ut søknaden om løyve eller autorisasjon på bingo- og lotteriområdet korrekt, jo lettare vert arbeidet i vår ende!

Korleis arbeider tilsynet med å etterleva vekslingsreglane i språklova?

– Før var alt innhaldet på nettsida i parallelle versjonar, éin på nynorsk og éin på bokmål. Då me lanserte nye nettsider i 2021, gjekk me over til å veksla mellom nynorsk og bokmål i staden. Målet vårt er å vera best i klassen når det gjeld nynorskbruk, og me bestemte òg at minst 50 prosent av tekstane på nettsida skal vera på nynorsk. Me i kommunikasjonsstaben er spesielt medvitne om dette når me arbeider med nye tekstar. Og så rapporterer me jo årleg til Språkrådet, og brukar rapportane me får, som ein statussjekk og påminnar.

Har de døme på praktiske grep de har teke for å auka tilfanget og betra nynorsken?

– I språkprofilen vår har me valt å bruka ein moderat nynorsk som ligg tett opptil bokmål. Me skriv til dømes «hos» i staden for «hjå» og «bli» i staden for «verta». Det er ikkje ei tvangstrøye for dei tilsette, men ei tilråding – spesielt dersom eit dokument har fleire forfattarar, og ein treng ei norm å halda seg til. Det viktigaste for oss er likevel at nynorsken er korrekt og konsekvent innanfor kvar tekst. Me meiner at moderat nynorsk for dei fleste er enklare å skriva.

Me har også laga ein hovudregel om at alle aktuelle saker skal skrivast på nynorsk. Når det gjeld tekstar elles på nettsidene, prøver me å skriva nynorsk på sider som har språknøytrale nøkkelord. Det gjer at me ligg høgt på Google-søk, samstundes som me har høg nynorskprosent.

Korleis har dei tilsette fått eigarskap til nynorskarbeidet?

– Den geografiske plasseringa vår, det at kontoret ligg i Førde, hjelper godt. Nynorsken står sterkt her. Dessutan har me, heilt sidan me vart oppretta i 2001, hatt ein direktør som held nynorskfana høgt. Målet hans har i lang tid vore at me skal ha ein sterk nynorskprofil. Vekslinga mellom nynorsk og bokmål har vorte ein del av måten me jobbar på, me har det i ryggmargen.

Har arbeidet med nynorsken gjort at de har vorte flinkare med språkarbeid generelt?

– Sidan me laga første versjon av språkprofilen vår i 2011, har me hatt som mål å bli forstått på første forsøk. Difor er me opptekne av å ha eit klart språk. Nynorsk er eit tydelegare og enklare språk, det er meir aktivt, og me er difor medvitne om at det kan vera lurt å tenkja over kva me ville sagt på nynorsk. Me har til og med ein medarbeidar som tidvis brukar det som metode når han jobbar med ein krunglete tekst: Då skriv han gjerne teksten på nynorsk først, før han omset til bokmål. Det sikrar eit klarare, meir aktivt språk.

Kva andre språktiltak har de hatt god effekt av?

– Me har ein årleg språkdag. Språkdagen handlar ofte om klarspråk. Før språkdagen har gjerne språkkonsulentar sett på ulike tekstar me har produsert, og så gir dei oss kurs på dei områda der me har mest å henta.

Eg trur at det er dei samla tiltaka og forankringa i leiinga som gjer at språkarbeidet fell så naturleg; det er ikkje noko som kjem på sida av det me held på med. Dessutan går det rett inn i strategien vår, som seier at me skal jobba for å styrka brukarane, altså gjera det enkelt for dei å løysa oppgåvene sine på rett måte. Klarspråk bidreg til det.

Relatert innhald