Årets nynorskkommune
Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026».
Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026».
Det kan du finne ut tysdag 13. oktober. Da deler kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ut prisen til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. I år har juryen lagt spesiell vekt på arbeid med lesing og litteratur.
Bli med på utdelinga og feir nynorsk, lesing og Kommune-Noreg! Det blir faglege innlegg og kunstnarlege innslag.
Tid: 13. oktober 2026 kl. 10–11
Stad: Målstova i Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110, Oslo
Prisen er på 200 000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til
I år vil juryen også leggje vekt på arbeidet dei nominerte gjer med lesing og litteratur.
– Eg trur alle språkinteresserte gler seg over merksemda rundt lesing og leselyst for tida. Kommunane og fylkeskommunane har store oppgåver på dette feltet, og vi ønskjer å gjere lesing, leselyst og tilbodet på nynorsk synleg i årets utdeling. Lesing er ein sjølvsagt del av aktivitetane i bibliotek, skule og barnehage. Lesing er også viktig i anna kulturarbeid, integrering, vaksenopplæring, kompetanseutvikling – for ikkje å snakke om i turisme og reiseliv. Forfattarheimar, spel, festivalar, litterære vandringar – det er mange felt der kommunane arbeider med lesing og litteratur, seier avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å føreslå kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg få prisen.
I 2024 var det Kvam herad som vann prisen, særleg på grunn av eit systematisk arbeid med nynorsk både i barnehage, opplæring og arbeidsliv. Juryen la då ekstra vekt på arbeidet for at innvandrarar skal få opplæring i og på nynorsk.
I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Fristen for å føreslå kommunar og fylkeskommunar er 3. august 2026.
Kontakt: jurysekretær Magnus Bernhardsen, tlf. 98 88 16 78.
| År | Vinnar | Grunngjeving |
|---|---|---|
| 2024 | Kvam herad | Opne pdf |
| 2023 | Prisen vert utdelt annakvart år frå 2022 | |
| 2022 | Vestland fylkeskommune | |
| 2021 | Ål | |
| 2020 | Voss herad | |
| 2019 | Ålesund | |
| 2018 | Vinje | |
| 2017 | Sveio | |
| 2016 | Time | |
| 2015 | Førde | |
| 2014 | Radøy | |
| 2013 | Ørsta | |
| 2012 | Sogn og Fjordane | |
| 2011 | Fjell | |
| 2010 | Seljord | |
| 2009 | Stord |