Kvam herad er årets nynorskkommune
Kvam herad er ein verdig vinnar av den gjæve prisen. Heradet trekte det lengste strået i konkurranse med Lom, Surnadal, Giske, Herøy og Volda kommunar.
Juryen heidrar Kvam herad for eit systematisk arbeid med nynorsk både i barnehage, opplæring og arbeidsliv. I år har juryen lagt ekstra vekt på arbeidet for at innvandrarar skal få opplæring i og på nynorsk.
«I mange kommunar med nynorsk som skulespråk er vaksenopplæringa berre på bokmål. Dette gjer at foreldre lærer eit anna språk enn borna sine, noko som kan gjera hjelp med lekser og kontakt med skulen vanskelegare. Opplæring på nynorsk kan letta integreringa i lokalsamfunnet og gjera det enklare for innvandrarar og flyktningar å læra seg den lokale dialekten», står det i grunngjevinga frå juryen.
– Kvam herad ligg i Hardanger i Vestland fylke, i det vi må kalla kjerneområdet til nynorsken. Det har stor verdi for innvandrarar og flyktningar å få læra det skriftspråket som blir brukt i heradet og i regionen rundt, seier juryleiar og avdelingsdirektør i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.
Allereie i 2002 gjekk heradet over til å nytta nynorsk i vaksenopplæringa og har såleis hjelpt andre kommunar med arbeidet.
– Kvam herad har sjølv omsett læremiddel til nynorsk og vore pådrivar for at forlag og andre skal laga læreverk og læringsressursar på nynorsk, seier Kvarenes. – Det er dyrt for einskildkommunar å syta for slikt sjølve, så her ligg det ei oppgåve for forlaga, seier ho.
– Vi vil skapa nærleik, ikkje avstand
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut prisen på eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i Oslo 21. oktober. Prisen er på 200 000 kroner. I talen til prisvinnarane viste Jaffery til ein kvemming som har fått ein annan gjæv språkpris.
– Då Jon Fosse fekk nobelprisen i fjor, takka han nynorsken. Han har vist at nynorsken høyrer heime både i litteraturen og kvardagen. Nynorsk er eit levande språk som er viktig i kvardagen til mange, og det skal samfunnet støtta opp om. Som kulturminister har eg ansvar for å fremja nynorsken i min eigen sektor. Difor har eg mellom anna løyvd pengar til Det Norske Teatret og til ei satsing på språkmodellar ved Nasjonalbiblioteket.
Representantane frå Kvam herad var stolte og glade for prisen, og dei la vekt på samanhengen mellom språk og tenesteyting.
– Nynorsken er språket vårt, det er kommunikasjon, det knyter oss saman, det knyter oss til røtene våre. Nynorsk er eit demokratisk prosjekt bygd på dialektane. Nynorsk er bygd på oss, for oss. Slik skal også offentleg forvaltning vera. Vi skal skapa nærleik, ikkje avstand, sa ordførar Torgeir Næss då han tok imot prisen.
Abonnerer du på Språknytt?
Nyheitsbrevet gir deg sakene rett i innboksen: Les om språkutviklinga og språkpolitikken. Få tips og råd til bruk i språkkvardagen.
Ikkje det? Registrer deg her!