Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Vestland fylkeskommune er årets nynorskkommune


Vestland fylkeskommune trekte det lengste strået i tevlinga og utkonkurrerte sine «eigne» kommunar Kvam, Bergen og Stad. Også Vinje kommune i Vestfold og Telemark var blant dei nominerte kommunane.

Juryen heidrar Vestland fylkeskommune for det grundige og gjennomtenkte arbeidet med nynorsk på alle samfunnsområde.

I år har juryen sett særleg positivt på kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– Vestland fylkeskommune er best i si klasse og har nytta dei verkemidla kommunen rår over. Dei tilsette har god kjennskap til språklova, noko det har vore viktig for oss å løfte fram i år. I Vestland er nynorsken representert i planar og strategiar, og han er synleg i offentlege rom, seier juryleiar Margrethe Kvarenes.

Gode språklovstiltak

Vestland fylkeskommune har mellom anna oppdatert retningslinene for klart språk og god nynorsk slik at dei samsvarar med språklova, orientert om språklova på avdelings- og seksjonsmøte og sendt ut Språkrådets digitale kurs om språklova til over 6000 tilsette.

«Vinnaren har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at tilsette kjenner språklova, og at dei har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei syner strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen», står det i grunngjevinga frå juryen.

– Det er gledeleg å sjå ein fylkeskommune som gjer eit så godt og systematisk arbeid for nynorsken. Mange fylkeskommunar har slått seg saman dei siste åra, og da er språkarbeid ein god måte å byggje ein ny organisasjon på. Dessutan har fylkeskommunane fått nye plikter etter språklova, og det er viktig at dei kjenner godt til kva som står i lova, seier Kvarenes.

Kultur- og likestillingsministeren deler ut prisen

Frå i år deler Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet ut prisen «Årets nynorskkommune» annakvart år, og prispotten er dobla til 200 000 kroner. Prisen blir delt ut av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen under eit frukostseminar på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober kl. 9.30.

I samband med utdelinga av prisen blir det arrangert ein debatt om kva det vil seie å vere språknøytral. I panelet sit:

  • Svein Olav Langåker, direktør i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
  • Solveig Vestenfor, ordførar i Ål kommune
  • Inghild Vanglo, leiar av regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune

Astrid Randen frå NRK er debattleiar.

Kontakt: juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89