Hopp til hovedinnhold

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026».


Prisen er på 200 000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Kva skal til for å vinne prisen?

Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
  • eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I år vil juryen også leggje vekt på arbeidet dei nominerte gjer med lesing og litteratur.

– Eg trur alle språkinteresserte gler seg over merksemda rundt lesing og leselyst for tida. Kommunane og fylkeskommunane har store oppgåver på dette feltet, og vi ønskjer å gjere lesing, leselyst og tilbodet på nynorsk synleg i årets utdeling. Lesing er ein sjølvsagt del av aktivitetane i bibliotek, skule og barnehage. Lesing er også viktig i anna kulturarbeid, integrering, vaksenopplæring, kompetanseutvikling – for ikkje å snakke om i turisme og reiseliv. Forfattarheimar, spel, festivalar, litterære vandringar – det er mange felt der kommunane arbeider med lesing og litteratur, seier avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Kven som helst kan kome med framlegg

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å føreslå kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg få prisen.

I 2024 var det Kvam herad som vann prisen, særleg på grunn av eit systematisk arbeid med nynorsk både i barnehage, opplæring og arbeidsliv. Juryen la då ekstra vekt på arbeidet for at innvandrarar skal få opplæring i og på nynorsk.

I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Fristen for å føreslå kommunar og fylkeskommunar er 3. august 2026.

Kontakt: jurysekretær Magnus Bernhardsen, tlf. 98 88 16 78.

Tidlegare vinnarar

ÅrVinnarGrunngjeving
2024Kvam heradOpne pdf
2023Prisen vert utdelt annakvart år frå 2022
2022Vestland fylkeskommune
2021Ål
2020Voss herad
2019Ålesund
2018Vinje
2017Sveio
2016Time
2015Førde
2014Radøy
2013Ørsta
2012Sogn og Fjordane
2011Fjell
2010Seljord
2009Stord

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.