Hopp til hovedinnhold

Høyring om framlegg til rettskrivingsendringar
(frist 7. april 2026)

Språkrådet har sendt ut på høyring ein del framlegg til endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Fristen for å sende høyringsfråsegn er 7. april.


Språkrådet forvaltar dei offisielle normene for rettskriving i nynorsk og bokmål, jf. § 19 i språklova. Dersom faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det, kan Språkrådet gjere bindande normeringsvedtak. Normeringsarbeidet i Språkrådet følgjer prinsippa i dokumentet Retningslinjer for normering, som er vedteke av styret i Språkrådet. Framlegg til rettskrivingsendringar blir sende til høyring slik at ålmenta får høve til å uttale seg om dei.

Vi ønskjer høyringsfråsegner om dei konkrete framlegga som det er gjort greie for i høyringsnotatet. Framlegg i fråsegnene bør grunngjevast med dei gjeldande prinsippa for normering.

Kven som helst kan sende inn høyringsfråsegn. Fråsegnene er offentlege etter offentleglova og blir publiserte på Språkrådets nettsider.

Frist for å sende høyringsfråsegn er 7. april 2026. Fråsegner skal sendast på e-post til post@sprakradet.no.

Dokument

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.