Hopp til hovedinnhold

Språkkrav til digitalt materiell til bruk i skulen

Opplæringslova gjev føringar for kva digitalt materiell skulane kan kjøpe inn og bruke. Språklova stiller krav til statsorgan som lagar fysiske og digitale dokument til bruk i skulen. 


Opplæringslova

Etter § 15-2 i den nye opplæringslova skal alle kommunar og fylkeskommunar fastsetje ved forskrift kva som skal vere hovudmålet på kvar skule, anten bokmål eller nynorsk. Hovudmålet skal brukast i den skriftlege opplæringa og i den skriftelege kommunikasjonen med elevane og foreldra. Dette gjeld òg digitalt.  

Om læremiddel seier lova at skulen berre skal 

  • bruke læremiddel på norsk og samisk som følgjer offisiell rettskriving 
  • bruke læremiddel på norsk som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og pris, dersom læremidla ikkje fell inn under unntaka i § 15-3 tredje ledd bokstav a til c 

I den nye opplæringslova er læremiddel definert som «alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget». Alle dei fire vilkåra i definisjonen må vere oppfylte for at noko kan kallast eit læremiddel og dermed vere omfatta av det lova omtalar som parallellitetskravet: kravet om å vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk. 

Læremiddeldefinisjonen omfattar ikkje alle læringsressursar, sjølv om mange slike er utvikla spesifikt for bruk i opplæringa. Det er presisert i proposisjon til Stortinget Prop. 57 L (2022–2023), s. 134. Der skriv Kunnskapsdepartementet at samansetjinga av læremiddel og ressursar som blir brukte, i sum skal støtte opp under skriftspråket til eleven (s. 143).  

Læremiddeldefinisjonen omfattar ikkje digitale verktøy, men det finst reglar for skriveprogram i den nye opplæringslova. Skulen skal etter § 15-4 andre ledd berre bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving. I dag kan også språkmodellar, til dømes ChatGPT, brukast som skriveprogram. Dersom slike modellar vert brukte som skriveprogram i skulen, må dei fungere på både bokmål og nynorsk. 

Opplæringslova stiller elles krav til bruk av ordlister og ordbøker. Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skulen brukar, skal etter § 15-4 første ledd i opplæringslova vere godkjende av Språkrådet. 

Her finn du ei liste over godkjende ordlister og ordbøker.

Språklova

Språklova gjeld for alle offentlege organ, også organ for kommune og fylkeskommune. Skulane har etter lova eit ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk, bokmål og nynorsk, og dei har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte språket. I praksis tyder det at skulane skal syte for like vilkår for elevar som har bokmål som hovudmål, og elevar som har nynorsk som hovudmål. 

Statsorgan som lagar dokument til bruk i skulen, skal etter språklova § 14 tredje ledd gje dei ut på bokmål og nynorsk samtidig. I meldingsdelen til lova (Prop. 108 L) står det at føremålet med regelen er å «sikre tilgang til nynorsk fagspråk for elevar med nynorsk som hovudmål når statsorgana står som utgjevar av dokument som blir bruka i undervisninga» (s. 155). Regelen omfattar alle typar dokument og ressursar som elevane blir eksponerte for, også digitale. Informasjonsplakatar og oppgåveark er døme på slike dokument.  

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.