Hopp til hovedinnhold

Språkkrav til digitale løysingar i offentleg sektor

Den norske språklova er teknologinøytral.


Under har me lista opp dei viktigaste språkkrava som er spesielt relevante ved innkjøp og bruk av digitale løysingar med språkteknologi.

  • Tekst som vert produsert av offentlege organ, skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål eller nynorsk (språklova § 10). Det gjeld også tekst som vert produsert av ein tekstrobot eller av annan generativ språkteknologi. 
  • Kravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument gjeld også digitalt (språklova § 13). Om de til dømes nyttar ein tekstrobot til å produsere innhald for publikum, kan det vere lurt at han fungerer på båe skriftspråka.  
  • Ein praterobot (chatbot) vert rekna som ei sjølvbeteningsteneste, på line med til dømes skjema. Statsorgan må difor ha ein praterobot som fungerer på både bokmål og nynorsk (språklova § 14). 
  • Kommunar som har gjort språkvedtak, kan sjølv velje kva språk dei skriv til innbyggjarane sine på, òg digitalt. Språkleg nøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir «eit rimeleg samhøve» (språklova § 13) mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Da bør digitale løysingar fungere på båe skriftspråka.   
  • Krava til klart språk gjeld òg digitalt, til dømes i svara til ein praterobot eller i maskinomsetjing.«Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa» (språklova § 9). 

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.