Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Tjuekroning = tjuekronemynt

Spørsmål

Kva skal vi kalle mynten som er verd tjue kroner, tjuekronemynt, tjuekronersmynt eller tjuekronesmynt? Eller skal vi kanskje skrive 20-kronesmynt?


Svar

Du kan nøye deg med tjuekronemynt eller 20-kronemynt (eller tjuekroning), altså utan s-en du har med i spørsmålet.

Andre døme er tikrone/tikroning/tikronestykke, hundrekronesetel, tohundrekronesetel, tusenkronesetel. (Ev. med 100-, 200- og 1000-.)

Fant du det du lette etter?