Svar
Etter ein del verb står infinitiven snart utan å, og snart med å. Det gjeld mellom anna desse:
behøve (å), gidde (å), makte (å), orke (å), trenge (å), våge (å)
Her kan du kan velje sjølv.
Variasjonen er til ein viss grad regional, og det er vanlegast å sløyfe infinitivsmerket vest og nord i landet. Difor er det vanlegare å sløyfe infinitivsmerket i nynorsk, der vi òg finn vakling etter verb som
byrje, forsøkje, freiste, greie, klare, nekte, pleie/pla, prøve, sleppe og slutte.
Eit «ikkje» etter visse av verba kan auke «faren» for sløyfing av å.
Når du tykkjer det er meir naturleg å sløyfa infinitivsmerket etter «freista» enn etter synonymet «forsøkte», er nok grunnen at verbet freiste mest berre er brukt i nynorsk.
Ikkje «å» etter modale hjelpeverb
Etter modale hjelpeverb har vi oftast ikkje å i standardmålet. Det heiter
bør vurdere, skulle bli, ville springe, hadde måtta gå, kan komme osv.
Oftast heiter det òg
kan sykle (både om å vere i stand til og å ha høve til å sykle),
men i fleire dialektar nyttar ein kan å når kan tyder ‘vere i stand til’:
kan å sykle ‘er i stand til å sykle’
Dette er òg noko brukt i skrift, men det er ikkje allment akseptert, endå det ikkje er noko grammatisk gale med det.
Dei aktuelle orda: ein fot i kvar leir
Når eit verb kjem etter eit av dei verba som er nemnde i ingressen, har vi to alternativ.
I den store Norsk referansegrammatikk (Universitetsforlaget 1997) står det at verb som behøve, trenge osv. (sjå ovanfor) bør reknast som «hovudverb som tek objekt» når dei står med ein infinitivskonstruksjon med å etter («Du behøver ikke å komme»), og som «hjelpeverb som tek verbfrase» når å manglar («Du behøver ikke komme»).
Dette påverkar ikkje valet, berre analysen av det.
Spesialtilfelle: tore
Etter tore nyttar ein ikkje å når tydinga er ‘kunne’, altså i ordlag som «Om eg tør be» (vanlegare på bokmål enn på nynorsk). Her fungerer tore meir som eit modalt hjelpeverb. Når tore tyder ‘våge’, kan ein nytte å eller la det vere: «Eg tør ikkje (å) gjere det».
Andre tilfelle: alltid «å»
Infinitivsmerket er alltid med når ein infinitiv er subjekt eller innleier subjektet i ei setning: «å tagge er ulovleg», «å bade i sjøen er spennande». Det er òg sjølvagt for dei fleste at infinitivsmerket må vere med der infinitiven er ein del av eit preposisjonsuttrykk: «for å komme», «til å svare», «utan å sove» osv.