Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Nordisk råd eller Nordisk Råd?

Spørsmål

I mange norskspråklege dokument som gjeld det nordiske samarbeidet, nyttar ein skrivemåtane «Nordisk Råd» og «Nordisk Ministerråd», altså med stor forbokstav òg i «Råd» og «Ministerråd». Men er ikkje det gale?


Svar

Det rette er «Nordisk råd», slik det står til dømes under oppslagsordet «nordisk» i Tanums store rettskrivningsordbok, og «Nordisk ministerråd».

Namna har liten forbokstav òg på den offisielle nettstaden www.norden.org/no.

Fant du det du lette etter?