Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Krøllalfa

Spørsmål

Kva kallar ein teiknet @? Kan det kallast «ved»?


Svar

Språkrådet har vedteke krøllalfa som namn på teiknet @.

Ordet krøllalfa har vi i fyrste rekkje bruk for når det skal gjevast munnleg melding om e-postadresser. Då er det viktig at spesielle teikn blir omtalte på ein eintydig måte. Eksempel:

ole punktum olsen krøllalfa ruskogrask punktum enno

Dette gjev

ole.olsen@ruskogrask.no

Om ein skifter ut krøllalfa med ved eller noko anna tvitydig, risikerer ein at det blir teke bokstavleg. Ved kan lett bli oppfatta som bokstavrekkjefølgja <ved>.

Fant du det du lette etter?