Hopp til hovedinnhold

Koronavirus og covid-19

Spørsmål

Korleis skriv vi namnet på viruset og sjukdommen?


Svar

På norsk skriv vi koronavirus med k og med liten forbokstav. Namnet på sjukdommen er covid-19.

Korona

Koronaviruset har namn etter utsjånaden. I eit elektronmikroskop kan ein sjå at viruset har ein membran med små piggar på. Dette kan minne om den ytste delen av solatmosfæren, koronaen.

Ordet korona kjem frå latin corona ‘krans, krone’. Det vart nytta som fagord i norsk lenge før koronapandemien, og vi har skrive det med k i over hundre år. Det bør uttalast bokstavrett, med to o-lydar.

Det koronaviruset som er årsak til covid-19, har i det internasjonale medisinske fagspråket fått namnet SARS-CoV-2, ei forkorting for «Severe acute respiratory syndrome coronavirus 2». Det er vanleg å kalle dette nye viruset koronaviruset i bunden form eintal, sjølv om det finst fleire slag koronavirus. Samansetninga koronavirus er eit vanleg samnamn (fellesnamn) som skal ha liten forbokstav.

Korona blir ofte brukt både om viruset og sjukdommen, og det er greitt til dagleg, men skal ein vere heilt presis, må ein skilje mellom viruset SARS-CoV-2 og sjukdommen covid-19.

Koronaen i bunden form (særleg brukt om koronapandemien/-krisa) vart kåra til årets norske ord i 2020.

Covid

Namnet covid-19 er ei forkorting av «coronavirus disease 2019». Vi tilrår å skrive covid-19 med små bokstavar. Det følgjer same mønster som hiv og sars. Generelt har sjukdomsnamn liten forbokstav på norsk.

Ein kan trygt uttale ordet rett fram, som «kóvid» (med vanleg o); det er ikkje nødvendig å seie til dømes «kåuvidd» eller «kåvvidd».

Du kan lese meir om både koronapandemien og covid i Store norske leksikon.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.