Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Kålrabi og kålrot – ein rotete koalisjon

Spørsmål

Eg lurer på kva som er skilnaden mellom kålrot og kålrabi. I butikken sel dei kålrot i grønsakdisken, medan du kan finne kålrabistappeposar i hyllene rett bortanfor.


Svar

Dei to orda tyder no det same, men dei har ulik historie og ulik geografisk utbreiing.

Samlivet mellom synonym kan vere både anstrengt og forvirrande. Det eine ordet vil gjerne ha overtaket på eit område, anten det er grunnlag for det eller ei.

I Nynorskordboka er kålrot forklart som ‘grønsak, fôrvekst som utviklar ein stor rotstengelknoll, Brassica napus rapifera’. Om kålrabi i den same ordboka står det berre at det tyder ‘kålrot’.

Kålrotkolonisering

Den same preferansen for kålrot framfor kålrabi finn ein òg i fleire andre oppslagsverk. Fagfolk har prøvd å få innarbeidd kålrot som det rette namnet. Det er nok fyrst og fremst for å unngå råkostkollisjon i språket. Det har nemleg vore ein del rot med kålrabinemninga, jf. at Kohlrabi på tysk tyder ‘knutekål’. Denne voksteren heitte kålrabi òg hjå oss før, nærmare bestemt overjordisk/overjords kålrabi. Vår kålrot kunne ein altså ha presisert til underjords kålrabi. Men ein har i staden teke det terminologiske problemet ved rota ved hjelp av kålrot.

Heimleg kålrot

Ove Arbo Høeg skriv fint lite om emnet i referanseverket Planter og tradisjon: floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973.

Men det er ingen tvil om at kålrabi (i varierande uttaleformer) har stor utbreiing i dialektane. Det er difor mange som meiner at kålrot er det mest formelle ordet. Men det finst òg dei som ser på kålrabi som eit byord.

Kor som er: På Vestlandet har dei mange stader brukt ordet rabbe om kålrot. Somme andre stader har kålrota beint fram heitt kål (eller rotkål).

Kjær kål har fått fleire namn: Særleg under andre verdskrigen nytta ein den lokkande nemninga Nordens appelsin for å fremje inntak av C-vitamin gjennom kålrot.

Internasjonal(t) kålrot

Danskane nyttar både kålrabi og kålroe (litt over ein tredjedel av det siste). Svenskane seier helst kålrot, men har òg kålraps, attåt det dialektale rabba. Frå svensk Wikipedia kan vi leggja til:

I Storbritannien kallas växten oftast swede (från Swedish turnip) och i USA oftast rutabaga. Båda orden har sitt ursprung i svenskan, eftersom Swedish turnip betyder just svensk rova och rutabaga är en förvrängning av rotabagge, det västgötiska dialektordet för kålrot och fuktiga daggmarker.

Kålrabi kjem forresten av italiensk cavoli rapi, der cavolo tyder ‘kål’ og rapa tyder ‘roe’.

Til slutt eit utdrag frå Olav Moen, Kålrot (1926), s. 7:

Fant du det du lette etter?