Svar
Verbet jakte har tradisjonelt vore mest brukt med på eller etter, òg i politisamanheng.
Det finst elles unntak frå preposisjonskravet. For det første kan ein jakte intransitivt, utan objekt i setninga, altså ‘drive jakt’. For det andre har vi transitive ordlag som jakte storvilt ‘drive jakt på storvilt’, der objektet ikkje er eit eksemplar eller individ, men éin eller fleire artar. Den ordbruken er nokså gammal.
I somme ordbøker er den nyare sportjournalistiske bruken av uttrykket teken inn. Døme: «Laget jaktar likevel sin første heimesiger.» Avisene vel som kjent ofte dei kortaste variantane for å spare plass. Det var midt i nittiåra at varianten utan preposisjon begynte å ta over i media.
Det å jakte noko(n) kan ikkje reknast som gale, sjølv om det enno ikkje står i nettversjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Ordbog over det danske Sprog har i alle fall ingen åtvaringar mot det, tvert om manglar her uttrykk med efter og på! Kanskje ser vi her, i dansken, noko av grunnen til det som har skjedd i norsk?
Den «amputerte» uttrykksmåten kan likevel verke sjargongprega og trøyttande. Så bruk helst preposisjon der det gir den tilsikta meininga.
Somme brukar forresten preposisjon der det ikkje skal vere nokon. Vi siktar til å jakte ned. Det må vere dårleg omsetjing av hunt down. Her har norsk mange andre uttrykksmåtar.