Hopp til hovedinnhold

Friskt i minne eller minnet?

Spørsmål

Kva er rettast, å ha noko friskt i minne eller friskt i minnet?


Svar

Under minne i Bokmålsordboka og Nynorskordboka står faktisk ingen av delane. Per juli 2022 finn vi berre «ha i friskt minne». Under frisk i Nynorskordboka står likevel òg «(leve) friskt i minnet».

I gamle dagar heitte det helst i friskt minne (på 1800-talet vart minne oftast skrive minde på dansk vis, og friskt vart gjerne skriven utan -t). Vi finn til og med nokre få døme på i ferskt minne/minde.

Uttrykket er like dansk som norsk, men på dansk heiter det i dag helst i frisk erindring. Den varianten hadde nokre moteblaff i norsk litteratur tidleg på 1900-talet, kanskje fordi det klang meir litterært eller mindre norsk. (Det gamle danske i frisk ihukommelse fekk likevel ingen renessanse.)

Rekkjefølgja friskt + i dukkar opp i kjeldene midt på 1800-talet, men ho var mindre vanleg heilt til fram til kring 1990. Det var fyrst nærare tusenårsskiftet at friskt i minne(t) vart vanlegast i skrift. Ikkje alle ordbøker speglar det enno.

Det er nok lettare å uttala «ha det friskt i minne(t)» enn det tradisjonelle «ha det i friskt minne». Det siste har ein vokalsamanstøyt og ein konsonantsamanstøyt meir og dessutan to trykksterke stavingar etter kvarandre.

Av dei to «nyare» formene du spør om, er friskt i minne (som minner om ein gammal dativ) både eldst og vanlegast, men det er urimeleg å kalla den heilt logiske varianten friskt i minnet feil. Begge variantane kunne gjerne ha stått i både Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.