Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Flått

Spørsmål

Er flått og skogmann det same? Og er flått rett stavemåte, eller burde det heite flott?


Svar

Flått er rett skrivemåte. Namnet heng saman med adjektivet flå ‘flat’.

Både skogmann og skogbjørn (med uttalevariantar som skaumann og skaubjønn) er det same som flått.

Flåtten har elles mange namn, mellom anna hasleflått, oreflått, skogflått, hesteflått, merraflått, kuflått, kinnflått; orelus, skoglus, einelus, hestelus, hundelus, kulus; hundemit; tikk, hanntikk(e)/hantikk(e); påte, stakkar og sugar.

Slår du opp i Norsk Ordbok, kan du finne utbreiingsområdet til mange av nemningane.

Her er flått-artikkelen i Norsk landbruksordbok:

Ei flott gammal skildring av flåtten finn ein i boka Sau og saustell (1944):