Hopp til hovedinnhold

Faste – uttale

Spørsmål

Somme uttaler ordet faste og fastetid med kort a, andre med lang. Kva er rett?


Svar

Begge delar må reknast som rett, men kort a er nok det vanlegaste.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka har ikkje med opplysningar om uttalen av dette ordet, men eldre uttaleordbøker fører opp variantane med kort og lang a som valfrie. I Norsk uttaleordbok av Bjarne Berulfsen står fyrst /faste/ med kort a, men så kjem /fa:ste/ med lang a. Før den lange varianten står det «mest teologisk»! Den som ferdast blant prestar, vil altså truleg oftare høyre ordet uttalt med lang a. Tilbakemeldingar vi har fått frå katolikkar, tyder på at lang a fyrst og fremst er ein protestantisk vane.

Det bør òg nemnast at uttalen er lang i dansk: /fæ:sde/.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.