Vi har for tida ei ledig stilling i Språkrådet. Søknadsfrist: 29. mai 2025.
Eksklusiv(e), inklusiv(e)
Spørsmål
Heiter det eksklusiv meirverdiavgift eller eksklusive meirverdiavgift?
Svar
Det er valfritt.
Eksklusiv(e) tyder ‘unnateke, frårekna, utan(om)’.
Inklusiv(e) tyder det motsette: ‘med, medrekna’.
Ver merksam på at ikkje alle forstår orda inklusiv(e) og eksklusiv(e).
Adverbet eksklusiv(e) er noko heilt anna enn adjektivet eksklusiv ‘fornem, for nokre få utvalde’. Det kan berre heite ein eksklusiv klubb utan -e og den eksklusive klubben med -e.