Hopp til hovedinnhold

Då eller når? («Materialane fortel når huset vart bygt»)

Spørsmål

Skal det heita «Materialane fortel når huset vart bygt», eller bør ein skriva «Materialane fortel då huset vart bygt»? Eg får ikkje heilt til å nytta regelen om «den gong då, kvar gong når» her.


Svar

Det kan berre heita «Materialane fortel når huset vart bygt».

Dette har ikkje noko å gjera med regelen om «den gong då, kvar gong når». Grunnen er at «når» i dette tilfellet har ein heilt annan funksjon enn å seia at noko vart teke opp att. «Når» innleier her ei indirekte spørjesetning, dvs. ei spørjesetning som er ledd i ei overordna setning.

Det direkte spørsmålet var: «Når vart huset bygt?» Det er så gjort til direkte objekt i heilsetninga «Materialane fortel når huset vart bygt».

kan for sin del ikkje nyttast til å innleia ei spørjesetning. Derimot kan det brukast i andre konstruksjonar, som i «Arkitekten fortel om (den gongen) då huset vart bygt».

kan òg koma inn i biletet slik: «Slike materialar vart brukte (den gongen) då huset vart bygt» eller «Materialane stammar frå (den gongen) då huset vart bygt» eller «då husa vart bygde». Det kan stå i kontrast til når: «Slike materialar vart (alltid) brukte når ein bygde slike hus» (= 'kvar gong', 'dei gongene då'). Ein kan òg nytta «då» i det siste dømet, men då underforstår ein at det gjeld repetisjon innanfor éín samanhengande periode, altså eitt «då». Men dette er altså heilt andre konstruksjonar enn dømet ditt.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.