Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Brain drain = hjerneflukt

Spørsmål

Kva skal vi kalla brain drain på norsk? Eg siktar til det fenomenet at høgt kvalifiserte og velutdanna personar forlèt heimlandet fordi dei får betre arbeidsvilkår andre stader?


Svar

Bruk gjerne hjerneflukt.

Det har vore lansert mange norske avløysarord for uttrykket: hjerneflukt, intelligensflukt, forskarflukt, ekspertflukt, ekspertutvandring, intelligenstapping og hjernetapping. Fagnemnda i Norsk språkråd meinte i si tid at ekspertflukt og ekspertutvandring var best, mellom anna fordi orda er sjølvforklarande og ikkje har uheldige assosiasjonar.

Men metaforbaserte uttrykk fungerer ofte godt når dei er innarbeidde, anten metaforen har vorte til i engelsk eller norsk. Det er ikkje noko avgjerande i vegen for å omsetja brain drain direkte. Hjerneflukt er ikkje ei heilt direkte omsetjing, men ordet er både meir forklarande og stuttare enn hjernetapping.

Somme meiner altså at ordet er for negativt ladd, men det problemet ligg i grunnen i engelsk.

Til slutt eit søk i aviskjelder (NB n-gram):

Fant du det du lette etter?